Informasjonsskriv til tilsette (november 2017)

Til tilsette i Hornindal og Volda,

Vi er snart inne i ei hektisk periode fram mot jul, og eg reknar med at de har mange prosjekt og prosessar som skal sluttførast før ferien. Eg ønskjer dykk lukke til med arbeidet fram mot ei velfortent pause i desember!

Sjølv om mange av dykk opplever at det har vore eit lite vakum sidan kartleggingsgruppene leverte rapportane sine før ferien, så har det vore i gang ein god del prosessar i bygginga av nye Volda kommune. Her er ei kort oppsummering av det siste som har skjedd i samanslåinga:

Informasjonsmøte på Smia

Rett etter månadsskiftet heldt eg ein presentasjon for dei tilsette på Smia, der eg orienterte litt om korleis samanslåingsprosjektet er organisert, korleis det vert jobba i prosjektet og kva som har skjedd – og vil skje framover. Eg må seie at eg er veldig imponert over kor godt det blir jobba i Hornindal, med knappe ressursar og mange oppgåver i tillegg til det som er knytt opp mot kommunesamanslåinga.

Om du har lyst å lese meir om presentasjonen kan du lese nettsak på www.nyevolda.no her: https://nyevolda.no/aktuelt/sjurgard-heldt-informasjonsmote-pa-smia/

Nytt kommunenummer for «nye» Volda

Dei eksisterande kommunenummera til Hornindal og Volda vil opphøyre 01.01.2020. Det betyr at frå og med nyttår i 2020 vil kommunen få eit nytt nummer, som vil bli 1577. Dette har kanskje ikkje så veldig stor påverknad på folk flest, men det kan vere greitt å vite om at det vil bli eit nytt frå og med den nye kommunen vert operativ.

Eg fekk forresten vite av Joakim at dette nummeret også har ei litt interessant historie. I året 1577 vart Konkordieformelen gitt ut, som er den siste lutherske vedkjenninga. Dette ordet kjem frå det latinske uttrykket «Formula concordiae», som betyr «felles-hjarte» eller einigheit. Det passar eigentleg ganske greitt når Hornindal og Volda i 2020 skal bli til felles kommune!

Møte med hovudtillitsvalde og hovudverneombod

Den 10. november inviterte eg alle dei hovudtillitsvalde i Hornindal og Volda, samt hovudverneomboda, til eit informasjonsmøte på Volda rådhus. På dette møtet la eg fram stort sett den same presentasjonen som for dei tilsette på Smia.

For å utbrodere endå litt meir gjekk eg gjennom hovudtrekka i intensjonsavtalen mellom dei to kommunane, organiseringa av prosjektet, dei tre satsingsområda i den nye kommunen, aktivitetar som er avslutta og som er planlagde, samt strategiar for korleis det vert jobba med kommunesamanslåinga.

Til likskap med presentasjonen på Smia gjekk eg også raskt gjennom det føreslegne budsjettet og økonomiplanen for perioden 2018-2019 i samanslåingsprosjektet. Frå og med 2020 vil det då blir eit felles budsjett for «nye» Volda kommune.

Du kan også lese meir i nettsak her: https://nyevolda.no/aktuelt/mote-med-hovudtillitsvalde-og-hovudverneombod/

Forslag til nytt kommunevåpen

Under møtet i Fellesnemnda 16. november la Temakomité for nytt kommunenamn og heraldikk fram sitt forslag til nytt kommunevåpen for «nye» Volda kommune. Dette forslaget ser du som vist under. Komiteen har også bearbeidd forslaget litt, etter råd frå heraldiske fagpersonar.

Dette forslaget er plukka frå éin av dei 53 innsende forslaga til nytt kommunevåpen, og alle forslaga som kom inn kan du sjå på vår nettside her: https://nyevolda.no/aktuelt/forslag-til-kommunevapen-og-alle-innsende-forslag/

Inntil vidare har leiaren for Fellesnemnda, Stig Olav Lødemel, gikk uttrykk for at nemnda skal få litt tid til å tenkje over forslaget og så vil ei endeleg avgjerd bli gjort ein gong etter nyttår.

Oppstart av prosess på ny administrativ hovudstruktur

I førre veke, torsdag 23. november, hadde vi den første av fire samlingar med rådmennene sine leiarteam og tillitsvalte. Vi møttest alle på Smia på Grodås. Første punkt for dagen var at personalsjefane i dei to kommunane gav ei kort orientering på svakheiter, styrker, trugslar og mogelegheiter med dagens administrative organisering av Hornindal og Volda.

Deretter starta leiarane, inndelt etter sektorar, med å tenkje høgt korleis dei ser føre seg at den nye kommunen skal organiserast. Ambisjonen med denne delprosessen er at ny administrativ hovudstruktur skal vere på plass innan 20. mars 2018.

Mitt førsteinntrykk etter denne samlinga er at leiarane allereie har kome veldig godt i gang med prosessen, og eg ser fram til ytterlegare tre spanande samlingar etter nyttår.

Arbeidsdag på Smia

Måndag 27. november hadde eg og kommunikasjonsrådgjevar Joakim ein arbeidsdag på Smia for å bli litt betre kjende med dei tilsette og få eit litt større innblikk i arbeidskvardagen på kommunehuset på Grodås. Eg tykte dette var svært lærerikt. I løpet av dagen fekk eg høve til å slå av ein prat med dei aller fleste, og det var både artig og spanande å få snakka med dei tilsette i ein litt meir uformell setting. Eg håper også dette var eit fint høve for dei tilsette på Smia å spørje om ting dei lurte på. Det er låg terskel for å spørje om ting, så om det er noko som er uklart er det sjølvsagt berre å ta kontakt med meg eller Joakim!

Sosiale medium og julekalender

Heilt til slutt vil eg også igjen minne om våre sosiale mediekanalar for Nye Volda. Der blir det både delt viktig informasjon, i tillegg til at du får servert lettare underhaldning. Blant anna vil det frå 1-24. desember bli ein eigen julekalender på www.nyevolda.no/julekalender som Joakim har laga. Denne kan både tilsette i kommunane og innbyggjarar elles delta på. Eg forstår det slik at her kan ein også vinne ein flott premie kvar dag, så eg håper den kalenderen fell i god smak!

Datoar framover

Om du vil følgje tettare med samanslåingsprosessane framover, kan det vere verdt å merke seg følgjande datoar før nyttår:

  • 7. desember: Årets siste møte i Organisasjonsutvalet
  • 7. desember: Årets siste møte i Fellesnemnda
  • 18. desember: Årets siste møte i Styringsgruppa

Beste helsing,

Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune