Informasjonsskriv til tilsette (november 2018)

Til tilsette i Hornindal og Volda,

Budsjettprosessane

Kalenderåret 2019 vil bli det siste året Hornindal og Volda har eigne budsjett som kommunar.

Det betyr at for neste år vil det vere behov for å få lage eit såkalla skyggebudsjett, slik at vi er betre rusta til å leggje fram eit realistisk budsjett for nye Volda for året 2020.

Dette skyggebudsjettet er dei to kommunebudsjetta til Hornindal og Volda slått saman, inga endring eller tilpassing, berre summering av dei to budsjetta. Dette skyggebudsjettet har økonomisjefen i høvesvis Hornindal (Brita Sollid) og Volda (Kari Mette Sundgot) utarbeidd og blir lagt fram for Fellesnemnda 6. desember.

Må/bør/kan-oppgåver

Det siste året av førebuinga av ny kommune vert krevjande. Det er derfor med ei klar oppmoding til alle som jobbar med samanslåinga at de prioriterer strengt kva de nyttar tida dykkar på.

I første rekkje er det «må»-oppgåver som skal prioriterast. «Bør»-oppgåver kjem i andre rekkje, medan «kan»-oppgåver er avhengig av kapasitet.

Samstundes ber eg alle tilsette i både Hornindal og Volda om å ha forståing for at kollegaer det neste året kan ha ei svært høg arbeidsbelastning. Ein må no ta vare på kvarandre og støtte kvarandre gjennom ei hektisk periode i vente.

Prosessar på personalområdet

Under eit felles kontaktmøte med alle hovudtillitsvalde i Hornindal og Volda 22. november vart det tatt opp fleire saker på personalområdet:

Permisjonsreglement og arbeidsreglement
Ei nedsett arbeidsgruppe med representantar frå tillitsvalde og arbeidsgivar fekk mandat til å lage eit forslag til felles reglement for nye Volda, som skal sendast ut på høyring.

Arbeidstid
Det meste er likt. Pedagogisk tilsette i skulen har si arbeidstidsordning, turnusarbeidarar i helse- og omsorg har sine avtalar og protokollar, og t.d. tilsette i barnehagar har skift/vaktordning. Dette vil bli samordna og i stor grad vidareført som i dag.

For administrativt personale, har Hornindal og Volda to ulike arbeidstidsordningar i dag.

På kontaktmøtet vart partane einige om at dei hovudtillitsvalde set ned ei arbeidsgruppe og kjem med eit samordna forslag til ny arbeidstid sett frå dei tilsette sin ståstad (for administrativt personale).

Administrasjonen skal gjere ei overordna vurdering, der dei tilsette sitt syn vert vurdert og lagt ved i saka vidare når den nye arbeidstida skal handsamast politisk.

Møteplan for felles kontaktmøte

Det vert lagt opp til felles kontaktmøte med hovudtillitsvalde til følgjande tider:

  • 24. januar på Smia
  • 14. mars i Volda
  • 6. juni på Smia

Meir informasjon i forkant av samlingane vert gitt nærmare dei aktuelle datoane.

Sektorprosessane

Kommunalsjefane og avdelingsleiarane for stab- og støttefunksjonar, i samspel med deg som tilsett, skal organisere dei nye sektorane og avdelingane i nye Volda.

Vi har ei målsetting om at organisasjonskartet for nye Volda skal vere på plass innan april 2019.

Eg har full forståing for at du som vert berørt i denne omorganiseringa vil oppleve usikkerheit fram til strukturen er lagt, og leiarane er rekruttert inn i stillingane. Om du føler behov for å snakke om prosessen i din sektor, ta gjerne kontakt med din hovudtillitsvald eller med din nærmaste leiar.

Du finn kontaktinfo om tillitsvalde her: https://nyevolda.no/for-tilsette/

I mellomtida ber eg om forståing for at det vil vere ein del usikkerheit fram til det endelege organisasjonskartet er lagt, og vi som sit i leiargruppa for nye Volda skal gjere vårt ytterste for å gi deg informasjon så snart vi har noko å formidle.

I den samanheng er det viktig at du som tilset også prøver å tileigne deg informasjon sjølv. Du kan mellom anna følgje med på din sektorprosess her: https://nyevolda.no/sektorprosess/.

Nyheitsoppdateringar

Dersom du ønskjer å motta varsling når det publiserast nyheitssaker på www.nyevolda.no, kan du melde deg på E-postvarslinga vår: https://nyevolda.no/e-postvarsel/.

Dette kan vere ein enkel og grei måte å halde seg oppdatert på, om du ønskjer dette.

Datoar framover

Om du vil halde eit ekstra auge med det som skjer framover, så merk datoane:

  • 6. desember: Fellesnemnd på Austefjord skule
  • 6. desember: Folkemøte på Austefjord skule
  • 11. desember: Leiarmøte nye Volda
  • 8. januar: Dagssamling for leiartemaet for nye Volda
  • 10. januar: Fellesnemnd for nye Volda (førebels dato)
  • 10. januar: Folkemøte om nye Volda på Folkestad (førebels dato)

Beste helsing,
Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune

%d bloggers like this: