Informasjonsskriv til tilsette (oktober 2017)

Til tilsette i Hornindal og Volda,

Tida går rasande fort for tida, og sjølv om det kan verke som eit stykke opp og fram til 2020 vil datoen kome raskare på oss enn vi kanskje trur. Eg fekk nyleg vite at du no kan følgje nedteljinga her: https://nyevolda.no/dagar-igjen/. Artig tiltak!

Det er mange gode prosessar som er i gang med bygging av ny Volda kommune, og her er ei kort oppsummering av det siste som har skjedd i samanslåinga:

Grensejusteringar

Etter planen skulle det vere eit folkemøte om ei eventuell grensejustering ved Bjørke seint i september, men som til slutt vart avlyst. I forkant av det planlagde møtet sende ei gruppe frå Bjørke inn ein søknad om utgreiing av ei eventuell grensejustering. Fylkesmannen er no i gang med arbeidet, og vil jobbe med å samle inn informasjon framover. Ei innstilling på om Bjørke skal inn i «nye» Volda kommune eller halde fram i Ørsta kommune vil truleg vere på plass i løpet av første halvdel av 2018.

Eg registrerte også i media at ein innbyggjar i Hornindal ikkje rakk telefonen frå selskapet som utførte ringerunde i Kjøs krins i Hornindal, og dermed ringde personleg til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Dette synest eg viser eit svært stort engasjement, og det gleder meg å sjå at prosessen med bygging av ny kommune vekkjer interesse blant folk i både Hornindal og i Volda.

Nye stillingar i prosjektorganisasjonen

I Fellesnemnda 14. september vart det vedteke at Nye Volda sin prosjektorganisasjon skal styrkast med to stillingar. Den eine vil vere knytt til digitalisering. Den andre stillinga vil vere ei konsulentstilling som skal arbeide med arkiv, derav 30 prosent av stillinga som personvernombod.

Om du kan vere interessert i nokon av desse stillingane eller kjenner nokon som kan vere interessert, er det berre å søkje. Sjå ledige stillingar på Volda kommune si heimeside for meir informasjon.

Oppstart for Partssamansett Utval (PSU)

Det partssamansette utvalet er Fellesnemnda sitt utval for handsaming av prinsipielle saker som gjeld forhold mellom den nye kommunen som arbeidsgjevar og dei tilsette. Dette utvalet hadde sitt første møte 9. oktober i Hornindal.

Torsdag 19. oktober starta også arbeidet med å drøfte prosessen med å få utarbeidd ei omstillingsavtale. Administrasjonen har tidlegare gjort ei kartlegging av personalmessige tilhøve i dei to kommunane, der vart mellom anna særskilte faktorar knytt til ei omstillingsavtale omtala. Omstillingsavtalen vil regulere prinsipielle forhold knytt til tilsette sine rettar og plikter ved overføring til ny kommune.

Om du er interessert i å lese meir om dette, kan du lese sak frå møtet her. I denne saka finn du også referatet frå møtet i PSU i sin heilskap.

Møte med Fylkesmennene

I slutten av september inviterte Volda og Hornindal kommunar dei to Fylkesmennene (frå høvesvis Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane) til eit møte på Grodås. Dette var eit veldig godt og oppklarande møte. Vi fekk eit inntrykk av at Fylkesmennene i veldig stor grad ønskjer å gjere overgangen til ny, felles kommune så smidig som mogeleg – sjølv om vi etter kvart må gå over fylkesgrensene i enkelte tenesteområde.

Om du ønskjer å lese meir om møtet, så ligg det ei nettsak på heimesida vår Nye Volda (klikk på lenka så kjem du rett dit).

Prosess ny administrativ hovudstruktur

Torsdag 12. oktober heldt eg ein presentasjon både for organisasjonskomiteen og Fellesnemnda, der eg orienterte om prosessen for å danne ny administrativ hovudstruktur i Nye Volda.

I korte trekk vil det bli lagt opp til ein god og involverande prosess, der det vert det lagt opp til fire samlingar med rådmennene sine leiargrupper og dei hovudtillitsvalde. Det vert også ei utvida gruppe i den eine samlinga, der også alle leiarane er inviterte til å kome med sine tilbakemeldingar. Målet er å ha denne strukturen på plass innan 20. mars 2018.

Du kan lese referatet frå Styringsgruppa om du vil vite fleire detaljar om dette.

Prosess ny politisk organisering

Organisasjonskomiteen, som skal forme den nye politiske organiseringa, er godt i gang med arbeidet sitt. Den siste tida har dei sett på organisering av mellomnivået (tenesteutval) og grendeutvala. Her vil vi gjerne ha dykkar innspel, så gjerne gi oss ei tilbakemelding om du har kommentarar til dette.

Du kan lese meir om temaet ved å klikke deg inn på denne lenka til nyevolda.no.

Heraldikk: kommunevåpen og ordførarkjede

Mange lurer nok kanskje litt på når vi får vite Nye Volda sitt kommunevåpen. Etter planen skal temakomiteen for Heraldikk kome med si innstilling til Fellesnemnd-møtet 16. november. Administrasjonen og heraldikknemnda vil drøfte nærmare kva som er den beste måten å gjere innstillinga kjend for publikum på. Kommunikasjonsrådgjevaren vil så leggje fram eit notat med forslag til vidare prosess på det Fellesnemnd-møtet 16. november. Komiteen skal også kome med innstilling til nytt ordførarkjede, men dette blir det ein prosess på neste år.

Inspirasjonstur til Bergen kommune

I starten av november reiste eg og ein delegasjon frå dei andre kommunane på Søre Sunnmøre til Bergen for å møte kommunen sin seksjon for digitalisering og innovasjon. Dette var ei inspirerande samling, og eg er heilt sikker på vi kan lære mykje av Bergen kommune innanfor dette feltet. Sett i samanheng med at digitalisering er eitt av dei føreslegne satsingsområda til Nye Volda, så dette var eit lærerikt møte.

Avslutning av studentpraksis ved HVO

Fredag 13. oktober hadde journalistikkstudentane ved Høgskulen i Volda sin siste dag i praksisperioden for hausten 2017. Eg har full forståing for at desse periodane kan vere ekstra hektiske for nokre, og eg vil gjerne rette ei stor takk til alle tilsette som har vore opne og imøtekomande overfor for studentane. Takk for ein framifrå innsats!

Sosiale medium

Heilt til slutt vil eg også minne om våre sosiale mediekanalar for Nye Volda. Der blir det både delt viktig informasjon, i tillegg til at du får servert lettare underhaldning. Dette er ein fin måte å både halde seg opplyst på og ikkje minst skape engasjement rundt samanslåinga. Desse kanalane finn du på vår engasjementside på nyevolda.no: https://nyevolda.no/engasjement/

Datoar framover

Om du vil følgje tettare med samanslåingsprosessane framover, kan det vere verdt å merke seg følgjande datoar:

  • 25. oktober: neste møte i Komiteen for nytt kommunenamn og heraldikk
  • 1. november: orienteringsmøte i Molde om utgreiing av grensejustering
  • 2. november: neste møte i den administrative styringsgruppa
  • 16. november: neste møte i organisasjonskomiteen
  • 16. november: neste møte i Fellesnemnda

 

Beste helsing,

Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune