Informasjonsskriv til tilsette (oktober 2018)

Til tilsette i Hornindal og Volda,

Lokalisering av kontorarbeidsplassar

Under Fellesnemnd-møtet den 18. oktober, som vart heldt på Bjørke, la eg fram eit notat om kontorarbeidsplassar i nye Volda kommune.

Det er viktig å presisere at dette er starten på ein prosess der notatet er eit grunnlag for diskusjon.

Prosessen er open og eg er oppteken av å få innspel både på folkemøte og frå tillitsvalte i denne opne fasen.

Eg vil samle opp innspela og etter kvart lage eit forslag som vert sendt ut på høyring til arbeidstakarorganisasjonane.

Endeleg handsaming av dette spørsmålet vert gjort i Fellesnemnda innan 1. kvartal av 2019.

Folkemøte

Torsdag 18. oktober hadde Fellesnemnda folkemøte på Bjørke. Dette var det første av mange fleire samlingar Fellesnemnda har rundt omkring i den nye kommunen, der det først vert politisk møte og så folkemøte i den lokale grenda/skulekrinsen.

Under folkemøtet vart det stilt mange gode spørsmål frå innbyggjarane i Bjørke og Viddal krins, der både politikarane og administrasjonen fekk eit innblikk i kva saker som er viktige for krinsen.

Neste folkemøte som vert arrangert på denne måten er på Grodås 1. november. Om du ønskjer å kome på dette møtet startar det klokka 18:00, og blir i Honndalshallen.

Sektorprosessar

Fram til april 2019 skal sektorane og avdelingane i kommunen organiserast.

For dei ulike prosessane er det dei komande kommunalsjefane, eller avdelingsleiarane for stab og støttefunksjonane, som er ansvarlege for framdrifta. Det er sett ned ressursgrupper i kvar av desse sektorprosessane.

Du vil finne meir informasjon om prosessane som går føre seg i din sektor her: https://nyevolda.no/sektorprosess/

Arbeidsgrupper innanfor personal

Det er nedsett arbeidsgruppe for ny lønspolitikk for nye Volda.

Vidare er det nedsett ei arbeidsgruppe som ser på fleire tema innanfor personalpolitikk for den nye kommunen.

Fellesmøte med hovudverneombod og hovudtillitsvalde

Den 22. november skal hovudverneomboda og dei hovudtillitsvalde i både Hornindal og Volda kommune samlast til eit felles kontaktmøte i Volda.

Partane oppdaterer kvarandre med informasjon og aktuelle problemstillingar i prosessen.

Vi som arbeider i kommunen opplever krav til endring gjennom digitalisering, nye oppgåver og krav til effektivitet mv. Dette er generelt, og vi som samtidig byggjer ny kommune vil oppleve dette enda sterkare ettersom vi vil vere i forkant med å innføre nye arbeidsmåtar og teknologi.

Vi som menneske møter også endringar på ulike måtar. Enkelte er meir utrygge enn andre og ynskjer å halde attende på farten, og kanskje helst sjå at ting er som det har vore før.

Samtidig veit nok alle at det ikkje er noko alternativ, og at skal vi vere med på utviklinga inn i den nye kommunen må vi vere budde på endringane.

Det er viktig at prosessane er opne og gode. Endring vert eitt av temaa på kontaktmøtet.

Innbyggjarmagasin

I veke 43 (22-26. oktober) vart det distribuert ut eit innbyggjarmagasin om nye Volda som vart sendt ut i postkasser til registrerte bustadadresser i Hornindal, Volda og Bjørke/Viddal.

Dette magasinet har teke føre seg ei rask oppsummering av samanslåingsprosessen hittil. Du kan ogsålese den elektroniske versjonen her: https://nyevolda.no/aktuelt/innbyggjarmagasinet-nye-volda-1-utg/

Nytt system for budsjett, rekneskap, løn og personal

Ei større oppgåve på IKT-sida er nytt system for budsjett, rekneskap, løn og personal.

Volda kommune nyttar i dag Unit4 Business World (Agresso), levert av Evry. Saman med dei andre kommunane i SSIKT er vi med på ei oppgradering til siste versjon, men samtidig skal vi lage eit heilt nytt oppsett for nye Volda.

Oppgradering og nytt oppsett vil gjere oss i stand til å nytte dei nyaste modulane som Unit4 og Evry har utvikla, og med det håpar vi at vi kan gå vekk frå dei aller fleste manuelle operasjonar, spesielt på løn- og personalområdet.

Det er sett ned ei styringsgruppe for dette arbeidet. Der sit Brita Sollid (økonomisjef Hornindal), Martin Agnar Dahl (rådgjevar personal Hornindal), Kari Mette Sundgot (økonomisjef Volda/nye Volda), Marija Ostojic (rekneskapssjef Volda), Berit Lyngstad (personalsjef Volda/nye Volda), Bente Vatnehol (rådgjevar personal Volda), Elisabeth Aklestad (SSIKT).

Datoar framover

Om du vil halde eit ekstra auge med det som skjer framover, så merk datoane:

  • 1. november: Fellesnemnd på Grodås
  • 1. november: Folkemøte på Grodås
  • 7. november: Kick-off for Velferdsteknologi i nye Volda
  • 13. november: Møte i leiargruppa for nye Volda
  • 27. november: Møte i leiargruppa for nye Volda
  • 6. desember: Møte i Fellesnemnda på Folkestad

Beste helsing,
Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune