Informasjonsskriv til tilsette (oktober 2019)

Hei, gode medarbeidar i Hornindal og Volda.

Vi nærmar oss stadig tidspunktet for samanslåing av Hornindal og Volda kommunar, og i skrivande stund er det vel 70 dagar igjen til «nye» Volda vert etablert.

Forståeleg nok er det veldig mykje som vil skje framover. Det vil kome til å bli hektisk, der det kan vere både usikkerheit og eit tempo som kjem til å verte krevjande.

De gjer alle ein stor innsats for at vi kan dra dette store prosjektet i hamn. Resultatet av denne store dugnaden vil gjere oss rusta til å ta fatt på oppgåvene som ventar oss etter nyttår.

Overgang Fellesnemnd til kommunestyre

Sidan november 2016 har Fellesnemnda for nye Volda kommune fungert som eit mellombels interimstyre i samanslåingsprosessen.

Torsdag 17. oktober hadde Fellesnemnda sitt siste møte i prosjektet. Den 24. oktober vil det nye kommunestyret verte konstituert, og vil med det ta over for Fellesnemnda.

Eg vil rette ei stor takk til politikarane som har møtt i Fellesnemnda, anten som fast medlem eller vara, for ein stor innsats.

Samstundes vil eg også ynskje politikarane i det nye kommunestyre lykke til med den komande perioden – den første i «nye» Volda.

Budsjett 2020/Økonomiplan 2020-2023

I det nemnde møtet i Fellesnemnda la eg fram ei orientering om prosessen med budsjett 2020 og økonomiplan 2020-2023. Dette er noko som betyr mykje for mange, så her ynskjer eg å vere open om kva både politikarar, tilsette og innbyggjarar kan forvente dei komande åra.

Det vil i større grad enn før vere behov for å drive kommunen så effektivt som mogleg. Då vi fekk sjå Statsbudsjettet for det komande året, ser kommuneadministrasjonen at budsjettarbeidet vil verte endå vanskelegare enn det ein trudde på førehand.

Det vil verte svært krevjande å få budsjettet til å gå i balanse. Dette betyr dessverre at vi vil måtte sjå oss nøydde til å gjere upopulære tiltak som administrasjonen helst skulle ha unngått.

Eg vil gjerne gjere tilsette merksame på dette allereie no, slik at vi saman kan ha gode prosessar for å kunne levere så gode tenester som mogleg med redusert drift. Vi vert også nøydde til å foreslå streng prioritering av nye investeringar.

Situasjonen utfordrar kreativiteten til å finne smarte løysingar for å få meir ut av ressursane, men vi vert også nøydde til å foreslå konkrete kutt.

Eg synest det er tungt å måtte foreslå reduksjon i enkelte tenesteområde, og eg skulle gjerne ha sett at vi klarte å unngå dette.

Veksten i utgiftene vert høgare enn veksten i inntektene. Samtidig har kommunen høg gjeld og store investeringsbehov.

Da må vi gjere grep for at budsjettet skal gå opp. Administrasjonen sitt framlegg til budsjett og økonomiplan vert lagt fram for kommunestyret 7. november.

Det vert ein gjennomgang med dei hovudtillitsvalte den 14. november. Formannskapet innstiller og legg budsjett og økonomiplan ut til offentleg ettersyn den 26. november. Kommunestyret handsamar budsjettet og økonomiplanen den 12. desember.

Barnehagedrift i ny kommune

Kommunalsjef for oppvekst, Per Ivar Kongsvik, var også til stades i møtet i Fellesnemnda for å orientere om barnehagedrifta i den nye kommunen. Det er ein prosess på barnehagestrukturen i Volda sentrum.

Situasjonen i dag er at det samla sett er ledig kapasitet i Volda sentrum, samtidig som Sollida især har svært dårleg bygningsmessig standard.

Eit sentralt innspel i prosessen er at Læringsverkstedet tilbyr kommunen å kjøpe Bratteberg barnehage og overta drifta. Dette kan vere ei god løysing på kommunen sine behov.

Før det vert lagt fram politisk sak om ev overtaking, skal kommunen få ein tilstandsrapport på bygget.

Vidare prosess på dette vil kommunalsjefen kome attende til.

Smia Utvikling

I eit samarbeid med Sunnmøre Kulturnæringshage har kommunestyra i Volda og Hornindal gitt tilskot til etablering av Smia Utvikling på Grodås. Bakgrunnen for vedtaket er ein rapport om ny næring på gamle tufter bestilt av kommunane Ørsta, Volda, Hornindal og Stranda.

Dette har vore eit toårig prosjekt, der avtalen mellom partane går ut 31.12.2019.

Det er usikkert om kommunen vil ha økonomi til å avsetje om lag éin million som åleine er reservert til naturbaserte næringar, og at ein her må sjå på ei samordning av innsatsen. Det kan derfor vere eit naturleg tidspunkt å avslutte dette prosjektet når avtalen går ut.

Eg har signalisert at administrasjonen ikkje kjem til å foreslå å vidareføre avtalen i budsjettet for 2020. Det er derfor ynskeleg at det vert utarbeidd ein sluttrapport for prosjektet og at sluttrekneskap for prosjektet vert sendt til kommunen innan januar 2020.

Det er viktig å presisere at det er kommunestyret for nye Volda som tek endeleg stilling til om prosjektet skal vidareførast eller ikkje.

Skatteinnkreving og arbeidsgjevarkontroll

Sidan 2012 har Volda kommune hatt ein samarbeidsavtale med Ålesund når det gjeld arbeidsgjevarkontroll. På grunn av kommunereforma har det vorte lagt fram eit nytt avtaleforslag for kommunane som var med i avtalen.

Samstundes vart det i statsbudsjettet for 2020 føreslått at skatteinnkrevinga vert overført til staten frå 1. juni 2020. Dette inneber også funksjonen for arbeidsgjevarkontroll.

Tilrådinga til Fellesnemnda var at det nye avtaleforslaget til avtale med Ålesund kommune, som held fram som vertskommune, vart godkjent. Ut frå det skisserte opplegget vert skatteoppkrevjarfunksjonen
fordelt på dei 56 skattekontora rundt omkring i landet.

På søre Sunnmøre er det skattekontor i Ulsteinvik. Arbeidsgjevarkontrollen vil mest sannsynleg verte samla ved større kontor som har kontrollfunksjon, og for kommunane på søre Sunnmøre kan dette verte lagt til skattekontoret i Ålesund.

Vidare framover vert skatteinnkrevinga og arbeidsgjevarkontrollfunksjonen overført frå kommunane til staten frå 01.06.2020.

Interkommunalt samarbeid – barnevern

Tidlegare i år vedtok Sande og Volda kommunar ein intensjonsavtale om at Sande skulle slutte seg til det interkommunale barnevernssamarbeidet på søre Sunnmøre.

Fellesnemnda har vedteke revidert samarbeidsavtale der Sande kommune inngår saman med Hareid, Ulstein, Ørsta og med nye Volda som vertskommune frå 2020.

Arbeidstid for kontoradministrasjon

I det partssamansette utvalet (PSU) tidlegare i haust vart det mellom anna diskutert arbeidstid for kontoradministrasjon. Dette gjeld tilsette som ikkje inngår i turnus eller har vaktordning/skift, i tillegg til lærarar som har eiga særavtale på arbeidstid.

Det er i dag ulike arbeidstider på tilsette i Hornindal og Volda som kjem innunder denne kategorien, men begge har til felles at arbeidstida avviker frå normalarbeidstid på 37,5 timars arbeidsveke.

I denne prosessen er det ein fordel om arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane kjem fram til ei felles forståing. Arbeidstakarorganisasjonane har lagt fram forslag som avvik frå hovudtariffavtalen sine føresegner om normalarbeidstid for denne nemnde gruppa av arbeidstakarar i kommunen.

Eg og personalsjef skal drøfte saka med dei hovudtillitsvalte 14. november. Deretter vert det lagt fram sak for endeleg politisk avgjerd før nyttår.

*

Avslutningsvis vil eg uttrykkje at eg set pris på det de yter for kommunen i kvardagen og vil ynskje alle saman ei god helg!

Med venleg helsing,
Rune Sjurgard
Rådmann/prosjektleiar
Nye Volda