Informasjonsskriv til tilsette (september 2017)

Til tilsette i Hornindal og Volda,

Frå sist skriv eg sende ut, datert i juni, har det naturlegvis skjedd ein god del i bygginga av «nye» Volda kommune. Her er ei kort oppsummering av det som har skjedd i det siste, og kva som vil skje framover.

Digitale plattformer

Rett etter ferien publiserte vi nettsida www.nyevolda.no, som kjem til å bli brukt aktivt i tida fram mot når ny kommune vert etablert. Sjølv om det kan verke litt langt opp og fram til 2020, så håper eg at de vil jamleg ta turen innom denne nettsida for å halde dykk oppdaterte. Det er kommunikasjonsrådgjevar, Joakim Rødven, som har laga denne sida.

Vi ynskjer også å vere på flest mogleg arenaer, slik at vi når ut til alle. Vi har derfor oppretta kontoar på fleire sosiale medium, som til dømes Facebook, Twitter, Instagram, Snapchat og YouTube. Klikk gjerne på lenkene for å gå direkte til desse plattformane.

Strategiske satsingar og næringsapparat

I nasjonal samanheng vil nye Volda bli ein liten kommune. Då handlar det om å bruke dei ressursane ein har på rett måte. Ein kan ikkje vere best på alt, og det vil derfor vere sentralt å løfte fram dei områda som ein vil satse på.

I Fellesnemnda 14. september la eg fram forslag om at områda Sysselsetting, IKT og digitalisering og Kompetanseutvikling skal vere tre satsingsområde for Nye Volda.

Å leggje til rette for å skape fleire arbeidsplassar i Nye Volda, å halde følgje med den digitale kvardagen og å ha kompetansen til å yte best mogeleg tenester til innbyggjarane er område eg meiner Nye Volda kommune skal vere gode på.

Tilbakemeldingar og innspel på dette temaet tek vi gjerne imot.

I same møte 14. september drøfta fellesnemnda korleis næringsapparatet i den nye kommunen bør organiserast. Dette gjeld t.d. medlemsskap i destinasjonsselskap (Visit Nordfjord/Destinasjon Ålesund), landbrukskontoret, Volda næringsforum og Sunnmøre kulturnæringshage.

Her må vi ha ein prosess på kva som er mest tenleg for innbyggjarane og næringslivet i den nye kommunen. Vi ønskjer derfor å lytte til både innbyggjarar og næringslivet i denne saka. Har du innspel, tek vi gjerne imot dette.

Administrativ organisering

Dette punktet blei også nemnd i førre skriv, men eg trur det kan vere greitt å friske opp igjen. Forståeleg nok er dette eit tema mange truleg vil lure på idet vi nærmar oss den offisielle samanslåinga.

Prosessen startar med ei kartlegging av korleis den overordna organisasjonsstrukturen vert opplevd i dag. Dette er gjort for Volda der representantar frå politisk, administrativ leiing og tillitsvalte deltok.

Hornindal skal i løpet av kort tid gjennomføre ei liknande kartlegging. Dette er eit grunnlag ein tek med seg vidare i prosessen. Ny organisering må sjåast i samanheng med den politiske organiseringa, og vi må sjå dette i samanheng med dei utfordringane vi møter i framtida. Vi kjem attende til nærare informasjon om prosessen etter kvart.

Ambisjonen vår er at vi skal ha på plass leiargruppa for den nye kommunen til våren 2018, rundt påsketider. Det kjem derfor til å bli jobba mykje med dette utover hausten.

Når denne leiargruppa er på plass, vil dei – saman med dei tillitsvalte – starte på prosessen med organiseringa av tenesteområda. Heile denne organisering skal då vere på plass seinast hausten 2019.

Eventuell grensejustering i Hornindal

I samband med søknad frå innbyggjarar i Kjøs grunnkrins om grensejustering, har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomført innbyggjarhøyring.

Innbyggjarundersøkinga gir ikkje klart svar på kva kommune dei spurte ynskjer å høyre til i framtida, men viser likevel at dei ulike bygdene har klare oppfatningar.

92 % i Aasen, Maurset, Øyane og Øyebakken vil høyre til Stryn, medan 62% for dei andre områda i krinsen vil vere i nye Volda kommune.

I Fylkesmannen sitt arbeid med saka, har dei no bede Hornindal kommune kome med uttale i saka. Frist for å sende inn høyringsinnspel er sett til 22.11.2017.

Saka vert førebudd til politisk handsaming i råd og utval innan den tid. Deretter vil innbyggjarundersøkinga, faktautgreiingane og høyringsinnspela danne grunnlaget for Fylkesmannen si oppsummering og tilråding til Kommunal- og Moderniseringsdepartementet.

Fylkesmannen tek sikte på sende tilrådinga innan 22.12.2017.

Møte med fylkesmennene

Ei utfordring i samanslåinga mellom Hornindal og Volda, er at dei to kommunane må rette seg til to ulike fylkesmenn. Dette kan vere krevjande i forhold til tilsyn og opptak til skule og barnehage før 2020.

Fredag 29. september skal Volda og Hornindal kommune møte fylkesmennene frå høvesvis Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Der ser vi fram til gode samtalar og ikkje minst få avklart ein god del ting.

Datoar framover

Om du vil følgje tettare med på prosessen framover, kan det vere verdt å merke seg følgjande datoar:

  • 26. september: neste møte i det politiske Organisasjonsutvalet
  • 28. september: neste møte i den administrative Styringsgruppa
  • 12. oktober: neste møte i Fellesnemnda
  • 13. oktober: nytt møte i den administrative Styringsgruppa

 

Beste helsing,

Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune

RÅDMANN VOLDA

%d bloggers like this: