Informasjonsskriv til tilsette (september 2018)

Til tilsette i Hornindal og Volda

Vi er godt inne i haustmånadane, og sjølv om det er dystert vêr på utsida av vindauget er det grunn til å vere oppglødde og optimistiske på innsida av kontorvindauget.

Det er mykje som røyrer seg i samanslåingsprosjektet i desse dagar, og er kjem til lita oppdatering på kva som har skjedd sidan sist informasjonsbrev vart sendt ut:

Kommunalsjef for samfunnsutvikling

Denne veka vart det klart at Jarl Martin Møller vert ny kommunalsjef for samfunnsutvikling. Han vert då den siste brikka i toppleiinga av den nye kommunen.

Jarl Martin kjem frå ei liknande stilling i Herøy kommune, og vil starte i si nye stilling seinast 1. januar 2019.

Jarl Martin har fagbakgrunn frå kommunalplanlegging og GIS. Han har lang leiarerfaring, også frå omorganisering og omstillingsprosessar.

Vi ser fram til at han skal starte hos oss!

(saka held fram under biletet)

KOMMUNALSJEF: Jarl Martin Møller vert ny kommunalsjef for samfunnsutvikling i Nye Volda. Foto: Privat

Politisk organisering

I Fellesnemnda 6. september vart det vedteke ny politisk organisering for den nye kommunen. Utanom kommunestyret og formannskapet vil det verte tre tenesteutval: Helse- og omsorg, Oppvekst og kultur og Forvalting og utvikling.

Det er vedteke at det skal vere 33 medlemmer i kommunestyret, samt at det skal vere ni medlemmer i formannskapet og dei tre tenesteutvala. I tenesteutvala skal også minst 5 av medlemmene vere kommunestyremedlemmer.

Om du vil lese meir detaljert kva som står i reglementet, kan du sjå saksutgreiinga i sak PS 36/18 frå møtet i Fellesnemnda på Nye Volda si heimeside.

Fellesnemnda ute i grendene

Etter drøfting i Fellesnemnda, ønskjer politikarane å leggje møter ute i grendene. Intensjonen er at det vil bli arrangert følke-/informasjonsmøter i etterkant av møta, slik at vi får ein tett dialog med innbyggjarane.

Samtidig som vi får orientert innbyggjarane med vår bodskap rundt samanslåinga, kan vil då også innbyggjarane få høve til å stille spørsmål relatert til samanslåinga.

Ettersom det ikkje er veldig mange møter igjen av Fellesnemnda før vi går over i ny kommune, vil ein i utgangspunktet leggje dette møta til skulekrinsane i Volda og til Grodås i Hornindal.

Sektorprosessar

Medan sektor for samfunnsutvikling var den første til å sparke i gang sektorprosessane tidlegare i år, har dei andre sektorane også no begynt å kome i gang etter sommarferien. I desse prosessane skal dei tilsette få ta del i drøftingane, gi innspel og vere delaktige i forminga av dei nye sektorane/avdelinga.

Avgjerdsmynda ligg til sjuande og sist hos kvar enkelt kommunalsjef/avdelingsleiar, men her er det gode høve å kome med innspel til kva du som tilsett meiner bør gjerast for at tenestetilbodet som nye Volda kommune skal levere er best mogeleg.

Desse er ansvarlege for dei ulike prosessane:

  • Samfunnsutvikling: Ståle Hatlelid, Rune Totland og Jørgen Vestgarden. Frå 1. januar 2019 vil Jarl Martin Møller starte sitt arbeid med den vidare prosessen.
  • Stab- og støtte: Ann Kristin Langeland, Berit Lyngstad og Kari Mette Sundgot
  • Oppvekst: Per Ivar Kongsvik
  • Helse og omsorg: Svein Berg-Rusten

Framdriftsplanen er at dei endelege organiseringane i sektorane/avdelinga skal vere klart innan april 2019.

Oppdatert prosjektplan

Etter kvart som samanslåingsprosjektet skrid fram, prøver vi så langt som råd å halde prosjektplanen vår oppdatert. Om du ønskjer å følgje med på sentrale vedtak som har blitt gjort, så kan du lese oppdaterte dokument her: https://nyevolda.no/dokument-og-protokollar/

I tillegg til at prosjektorganisasjonen har eit ansvar for å gi god og oppdatert informasjon til tilsette, vil vi gjerne minne om at tilsette også har eit ansvar å tileigne seg informasjon sjølve.

Vi oppmodar derfor alle til å jamleg ta turen innom nyevolda.no for å lese siste nytt. 

Grafisk profil for ny kommune

Det er sett i gang prosess på å lage ein ny grafisk profil for nye Volda. Etter planen skal dette resultere i ei profilhandbok som vil gjelde for heile kommunen si profilering frå 2020.

I samanheng med dette, har vi invitert innbyggjarar og andre interesserte til å delta i ein konkurranse om å lage eit nytt slagord for den nye kommunen. Vi håper dette vil bidra til engasjement i lokalsamfunnet.

Om du vil delta sjølv, eller tipse andre til å delta, kan forslag sendast inn via vår nettside www.nyvolda.no/slagord. Etter fristen går ut 30. september, vil det så bli ei avrøysting.

Møter med Fylkesmannen

I august hadde vi to møter med Fylkesmannen. Det første møtet var saman med Ørsta kommune, der vi drøfta vidare prosess som følgje av at Bjørke/Viddal skal grensejusterast til nye Volda etter 2020.

I denne samanhengen trur eg at det er svært viktig at ein rettar seg etter fakta og juss, og at ein ikkje let seg styre av kjensler i prosessen.

Det andre møtet med Fylkesmannen var retta mot vidare arbeid av sjølve samanslåinga, der vi fekk gode tips og råd på korleis arbeidet vert fram mot jul – og ikkje minst i det siste året av prosjektet.

Ass. fylkesmann Rigmor Brøste verka å ha eit positivt inntrykk av jobben som blir gjort i skapinga av Nye Volda, som er tryggande når vi no snart går inn i siste året. 

Datoar framover

Om du vil halde eit ekstra auge med det som skjer framover, er her nokre datoar som er verd å merke seg:

  • 17. september: Oppfølgingsmøte med sektor for samfunnsutvikling
  • 17. september: Møte i adm. styringsgruppe
  • 18. september: Møte i leiargruppa for nye Volda
  • 22. september: Voldadagen (der vil Nye Volda ha stand)
  • 10. oktober: Møte i leiargruppa for nye Volda

Beste helsing,
Rune Sjurgard
Prosjektleiar, Nye Volda kommune

%d bloggers like this: