Innbyggjarundersøking om grensejustering i Kjøs krins

I samband med at Fylkesmannen skal utgreie om det skal gjennomførast ei grensejustering mellom kommunane Hornindal og Stryn, gjennomfører Opinion AS ei spørjeundersøking på telefon blant innbyggjarane i Kjøs grunnkrets i perioden frå 1. til og med 4. september.

Alle personar over 15 år med bustadadresse i Kjøs grunnkrets blir ringt opp frå telefonnummer 61 60 11 27.

Har Opinion telefonnummeret ditt?
Opinion ringer etter ei offentleg telefonliste. Dersom du bur i Kjøs grunnkrets, men:

  • Telefonnummeret ditt ikkje er oppført i offentleg telefonregister, eller
  • Telefonen din er ikkje registrert på deg eller bustadsadressa di i Kjøs krets

Då kan du melde inn telefonnummeret ditt dersom du ønskjer å kunne delta i undersøkelsen.

Ta då kontakt med Hornindal kommune så snart som mogeleg og seinast 3. september på telefonnummer 90108318 mellom kl. 09.00 og 16.00, eller send ein e-post med ditt namn, adresse og telefonnummer til post@hornindal.kommune.no.

Kontaktperson Opinion AS:
Nora Clausen
Opinion AS
984 03 047

Kontaktperson Hornindal kommune:
Rådmann Ann Kristin Langeland
Tlf. 97 68 75 25