Innkalling til Fellesnemnda 07.12.2017

Fellesnemnda møtast for aller siste gong dette året torsdag 7. desember. Desse sakene skal opp til handsaming.

Møtet startar med gjennomgang av formannskapa i høvesvis Hornindal og Volda si innstilling til budsjett og økonomiplan. Hornindal formannskap skal ha møte 4. desember, og deira innstilling vil då bli ettersendt etter dei har gjort vedtak.

Vidare vil Fellesnemnda handsame prosjektleiarens forslag til økonomiplan i perioden 2018-2019 i bygginga av Nye Volda kommune.

Av orienteringssaker vert det ei sak om digital kompetanse i kommunane, møtereferat rundt eventuell grensejustering ved Bjørke og Viddal og så til slutt ei drøftingssak rundt vidare prosess rundt nytt kommunevåpen.

Full sakliste og møtedokument finn du her: i-felles-20171207

Ettersende dokument: