Innkalling til møte i Fellesnemnda 22. februar 2018

Her er saklista for det komande møtet i Fellesnemnda.

Allereie førstkomande torsdag er det klart for nytt møte i Fellesnemnda, etter at nemnda møttest for første gong i 2018 den 1. februar.

Til dette møtet er det berre to saker som skal vedtas, men det er ein god del store – og nokre mindre – orienteringssaker. Mellom anna finn ein saker om prosjektet knytt til «Ny næring på gamle tufter», framdrifta rundt nytt kommunevåpen/ordførarkjede, forslag til ny administrativ organisering og nytt reglement for dei politiske nivåa i den nye kommunen.

Heile innkallinga med saksdokument ligg her: i-felles-20180222

SAKLISTE

Saksnr. Sak
PS 7/18 Godkjenning av innkalling og sakliste
PS 8/18 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte
PS 9/18 Grensejustering i samband med kommunereforma – Bjørke
PS 10/18 Interkommunale samarbeid – retningsval for nye Volda for det som gjeld tenestesamarbeid/produksjon

PS 11/18 Orienteringssaker
OS 12/18 Ny næring på gamle tufter – forprosjektsrapport
OS 13/18 Framdriftsplan for Temakomité for nytt kommunenamn og heraldikk
OS 14/18 Forslag til administrativ hovudstruktur
OS 15/18 Utkast til reglement for Nye Volda kommune
OS 16/18 Like vegnamn i Hornindal og Volda kommunar
OS 17/18 Søknad om deltaking i partssamarbeid om digital kompetanse
OS 18/18 Høyringsbrev – Endringar av politidistriktsgrenser

%d bloggers like this: