Innstillinga til nytt namn er klar

Torsdag 18. mai vil namnenemnda leggje fram si innstilling til nytt kommunenamn for Volda og Hornindal kommunar.

Spørsmålet rundt nytt kommunenamn har som venta vore engasjerande for mange, og over 80 forslag til nytt namn har kome inn.

Ein god del av namneforslaga inneheldt Volda, Hornindal eller begge – medan andre i større grad tok i bruk fantasien (sjå alle forslaga under).

Torsdag 18. mai klokka 19.00 vil Heraldikk/Namnenemnda overlevere si innstilling til nytt namn for den nye felleskommunen. Dette vil skje på Smia i Hornindal.

Vi vil gjerne minne om at i denne omgang er det berre namnet på kommunen som vil bli lagt fram. Fristen for å kome med ei innstilling til nytt kommunevåpen er først 15. oktober.

Forslag til nytt kommunenamn som vart sendt inn før fristen 10. mai:

Aasen kommune

Austefjord

Bjørke kommune

Fjord kommune

Fjordane kommune

Fjorddal

Grolapp

Hallkjellsvik kommune

HDVolda

Honda

Honndøla

Hornindal/Volda kommune

Hornvol Kommune

Hornvold

Hornvoldal Kommune

Hovoll kommune

Kalvatn kommune

Kviv kommune

Kviven kommune

Kvivsfjord kommune

Lovroh Kommune

Møre

Rokken

Semje

Valhorn Kommune

Volda

Volda og Hornindal

Volda-Hornindal

Volda/Horningdal

Voldal

Voldalen

Voldingdal

Volhon

Volhorn Kommune