Inviterer til folkemøte på Bjørke

Bjørke Grendalag inviterer ordførarar og rådmenn i Hornindal, Volda og Ørsta til folkemøte om ei eventuell grensejustering. Også Fylkesmannen er invitert.

Invitasjon frå Bjørke Grendalag:

Bjørke Grendalag ynskjer og invitere til ope folkemøte.

På årsmøtet 2015 vart Grendalaget bedt om og tenkje på korleis framtida kan endre seg dersom Ørsta og Volda ikkje vart slått saman og ein situasjon der Volda og Hornindal fann i hop kunne opstaå. Vil me då framleis vere ein krins i Ørsta kommune?

Etter kvart hende nettopp det og årsmøtet 2016 var prega av frontar som kjempa for grnsejustering og andre sida for og verte ståande i Ørsta, men det var eit svert stort fleirtal som ynskte at grendalaget skulle skaffe informasjon om fordelar og ulemper. Etter det har me hatt ein veg og gå.

No har Ørsta og Nye Volda lovt å helpe oss med faktagrunlag til inbyggarane. Når det er komt ut ynskjer me at inbyggjarane skal få høve til å stille spørsmål og få svar på eventuelle spørsmål.

Me vil herved invitere Ordførarar, Rådmenn og administrasjon ifrå Hornindal, Volda Ørsta Kommunar og Reprensentant frå Fylkesmannen til opent folkemøte på Haukly Onsdag 27 september kl 19:30.

Me ser føre oss eit panel av Rådmenn og gjerne ein reprensentant ifrå Fylke. Ordførarar og administrasjon i salen.Me ynskjer då at folk skal få spørje om ting dei måtte synest uklart og so langt det gjere seg få svar.

I etterkant av møtet vil innbyggjarane på Bjørke få eit par tre veker på seg til og sende si stemme på om Styret i Grendalaget skal sende ein søknad til Fylkesmannen i Møre og Romsdal om Grensejustering.

Fylkesmannen har sett ein frist på det til 01.11.2017.

Vel Møtt

Med beste helsing Bjørke Grendalag
Svein Magne
Bjørke Grendalag

%d bloggers like this: