Jan Tore Sanner på besøk

Tysdag 1. august var Kommunal- og moderniseringsministeren på besøk i Volda.

I samband med besøket kunne statsråd Jan Tore Sanner formidle at Volda kommune vil få fire millionar kroner til infrastrukturtiltak i samband med kommunesamanslåinga.

Dette vil gå til breiband mellom Volda og Grodås og samferdsle/busskommunikasjon i den nye felleskommunen.

Ifølgje Sanner hadde kommunen ein god søknad, og dette er positivt.