Jarl Martin Møller blir kommunalsjef i nye Volda

Kommunalsjef for samfunnsutvikling har blitt tilsett.

Jarl Martin Møller (46) er tilsett som kommunalsjef for samfunnsutvikling i nye Volda kommune, og tek til i stillinga seinast 1.1.2019.

Han jobbar i dag som kommunalsjef samfunnsutvikling i Herøy kommune.

Jarl Martin har fagbakgrunn frå kommunalplanlegging og GIS. Han starta si yrkeskarriere som ingeniør i Sande kommune, og var ingeniør i Herøy kommune ei kort stund før han fekk si første leiarstilling i 2009.

Jarl Martin har lang leiarerfaring, også frå omorganisering og omstillingsprosessar.

Vi ønskjer Jarl Martin velkomen til oss!