Joakim Rødven tilsett som kommunikasjonsrådgjevar

Joakim Rødven (24) er tilsett som kommunikasjonsrådgivar i Volda kommune.

Han bur i Ulsteinvik og jobbar no ved Internasjonalt kontor på Høgskulen i Volda. Joakim er utdanna journalist og har ein master i Arts of Journalism frå Universitetet i Lincoln.

I tida fram mot samanslåing med Hornindal kommune vil kommunikasjonsrådgivaren ha ei hovudoppgåve med å sørgje for god informasjon til innbyggarar, politikarar, tilsette og tenestebrukarar i begge kommunane. Joakim startar i stillinga i byrjinga av mai.

Vi ønskjer han velkomen til Volda og Hornindal!

%d bloggers like this: