Julehelsing frå rådmannen

Til alle tilsette i Hornindal og Volda – nye Volda

Nok eit år er over, og nok eit år nærmare er vi å gå over frå «gamle Volda» og «gamle Hornindal» til ei ny, felles kommune.

Det siste året har for mange kanskje vore eit rart år. Eit år med store endringar. Eit år med usikkerheit. Eit år der ein har måtte tole eit ekstra stort arbeidspress enn før.

Samtidig så har eg fått stadfesta noko eg har alltid har meint: i Volda og Hornindal kommunar er det dyktige og hardtarbeidande tilsette som verkeleg står på i tøffe tider.

Eitt av dei måla som er sett for «nye» Volda, er at vi skal vere ein kommune som skal vere dyktige på digitale plattformar.

Dette er til dømes innanfor skule og oppvekst, i helse- og omsorgstenestene, innanfor administrative oppgåver og andre tenester vi yter til innbyggjarane våre.

Dette betyr at vi vil sjå ei ganske stor endring i måten vi jobbar på i tida som kjem. Framover vil det vere mykje fokus på å rigge den nye organisasjonen slik at vi best mogeleg kan handtere den digitale utviklinga – og denne utviklinga vil skje med høg fart.

I tillegg til at innbyggjarane vert stadig meir digitale, så har også regjeringa større og sterkare ønskje om at kommunane skal verte digitaliserte. Samla sett er dette behov som vi må  strekkje oss etter.

Digitalisering handlar også om så mykje meir enn å gjere tenester så lett tilgjengeleg som mogeleg for innbyggjarane. Det handlar også om å lette arbeidsdagen din som tilsett.

Til dømes vert det i løpet av 2019 innført nytt saks- og arkivsystem i Volda, som vert tilnærma likt det Hornindal allereie har i dag.

I tillegg skal løn- og HR-systemet Agresso verte oppgradert til nyaste versjon. Vi får med dette betre tilgang til strategisk informasjon og mykje papirflyt vil verte digitalisert. Dette er to svært viktige tiltak.

Når vi no går 2019 i vente, vil de som tilsette i større grad merke at det skjer ting i samband med kommunesamanslåinga.

Sektorane skal organiserast, personar skal innplasserast i stillingar og nye stillingsskildringar skal utarbeidast. Det er også på gang ein prosess med å definere forventing til leiing.

Det siste året av Hornindal og Volda som kommunar slik vi kjenner til dei i dag, vil derfor verte hektisk og innhaldsrikt, der det vil vere endå større behov for rask, god og relevant informasjon om korleis du som arbeidstakar vert påverka.

Derfor vil eg på det sterkast oppmode deg om å vere involvert i sektorprosessane som held fram etter nyttår, stille spørsmål tidleg når du er i tvil og ha ein tett dialog med din tillitsvalde og/eller nærmaste leiar.

Uavhengig av kommunesamanslåinga står vi overfor stadig endring. Det er då viktig at de nyttar sjansen kommunesamanslåinga gir til å utvikle organisasjonen og deg sjølv for å møte nye forventingar i åra som kjem.

Saman skal vi dra samanslåingsprosjektet i hamn, sjølv om det til tider kan vere krevjande både fysisk og psykisk.

Vi er derfor heilt avhengige av alle og ein, både i Hornindal og i Volda, støttar kvarandre, rosar kvarandre og tilbyr ei hand til dei som treng ei ekstra hand.

Når du no tek ferie håper eg at de får lada batteria fullt opp, saman med nære vener og familie i godt lag, og kjem attende på jobb på nyåret med ny energi til å gripe fatt på oppgåvene som ligg framfor oss det komande året.

Eg vil også rette ei stor takksemd dei dei som skal jobbe denne jula. De er sanneleg kvardagsheltar som sørgjer for at dei som treng litt ekstra støtte får ein betre kvardag også i juletida.

Berre vit at den jobben de gjer er prisverdig, og de er svært viktige ressursar for Volda/Hornindal kommune!

Med det ønskjer eg å avslutte denne julehelsinga med å ønskje alle ei riktig så god jul, ei fin romjulstid og sjølvsagt eit riktig godt nytt år.

 

Beste helsing,

Rune Sjurgard

Rådmann/Prosjektleiar

«Nye» Volda kommune

%d bloggers like this: