Kart over «nye» Volda kommune

Slik vil den nye kommunen sjå ut gjeldande frå 01.01.2020.

I det vi rundar månadsskiftet januar/februar er det no rett i overkant av 330 dagar igjen til den nye kommunen mellom Hornindal og Volda vert etablert.

Kommune- og regionsreforma fører til nye kommunegrenser og også endra grenser for det eksisterande arealet.

Allereie frå 01.01.2019 vart det ei grensejustering mellom Stryn og Hornindal. Dette medførte at Maurset vart justert over til Stryn, medan Kjøs vart verande i Hornindal.

Vidare skal det også vere ei grensejustering mellom Ørsta og Volda frå 01.01.2020, når Bjørke og Viddal vert justert over til nye Volda.

Med atterhald om nokre mindre feil i målestokk, vert kommunegrensene for «nye» Volda kommune sjåande slik ut etter samanslåingstidspunktet 01.01.2020:

(Obs: Illustrasjonen syner omtrentlege grenser i nye område, t.d. ved Bjørke/Viddal og Kjøs. Vi tek derfor atterhald som at faktiske grenser vil vike noko frå denne illustrasjonen.)