Volda kommune inviterer til ope seminar om velferdsteknologi 7. november.
Dette seminaret vil bli arrangert på Uppheim i Volda og vert delt i to nesten like sesjonar (eitt på føremiddagen og eitt på ettermiddagen), slik at flest mogeleg får høve til å delta. Seminaret er ope både for kommunalt tilsette og innbyggjarar.
På seminaret får du mellom anna høyre erfaringar frå pårørande korleis velferdsteknologi har endra kvardagen i familien, det blir informasjon om planar for innføring av velferdsteknologi i helsetenesta i Nye Volda og høve til å sjå noko av utstyret vi nyttar og skal gå i gang med.
Det er plass til 250 stk per seminar og seminaret er gratis å delta på. Så her er det første mann til mølla.
Påmelding skjer ved å velje tidspunkt i dette elektroniske påmeldingsskjemaet.
Frist for påmelding: innan måndag 5. november.
Det vert lett servering, så gjerne skriv eventuelle matallergiar i kommentarfeltet under påmeldingsskjemaet.
Vel møtt!
Program
Sesjon 1
11.00-11.05 Velkommen og presentasjon av programmet – Svein Berg-Rusten
11.05-11.10 Åpning ved rådmann – Ann Kristin Langeland
11.10-11.25 Kva er velferdsteknologi – Hildegunn Utgård
11.25-11.40 Presentasjon av Prosjekt velferdsteknologi i Nye Volda – prosjektgruppa
11.40-12.15 Moglegheiter og utfordringar med IoT – Tarjei Vassbotn
12.15-12.45 Pause med suppe, mingling og stand
12.45-13.00 Kva er viktig for meg? – Liv Karin Dahl
13.00-13.45 Korleis kvardagen vår vart endra med GPS og digital kalender – Sven-Andrè Alvestad
13.45-13.14 Spørsmål og oppsummering – Svein Berg-Rusten
Sesjon 2
15.00-15.05 Velkommen og presentasjon av programmet – Svein Berg-Rusten
15.05-15.10 Åpning ved rådmann – Ann Kristin Langeland
15.10-15.25 Kva er velferdsteknologi – Hildegunn Utgård
15.25-15.45 Presentasjon av Prosjekt velferdsteknologi i Nye Volda – prosjektgruppa
15.45-16.15 Tanker om digitaliseringa – Paul Ottar Tornes
16.15-16.45 Pause med suppe, mingling og stand
16.45-17.00 Kva er viktig for meg? – Liv Karin Dahl
17.00-17.45 Korleis kvardagen vår vart endra med GPS og digital kalender – Sven-Andrè Alvestad
17.45-18.00 Spørsmål og oppsummering – Svein Berg-Rusten
Om seminaret
- Dato: onsdag 7. november
- Tidspunkt: 11:00 – 14:00 eller 15:00 – 18:00
- Lokasjon: Uppheim, Volda
- Ope for: Alle
- Ledige plassar: 250 per seminar

E-LÅS: Med dette elektronisk låsesystemet kan ein føle seg tryggare i heimen.