KMD har vedteke grensejustering i Kjøs

Slik blir den nye grensa mellom Stryn og Hornindal/Nye Volda.

Pressemelding, KMD 12.01.2018:

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har vedteke at grensa mellom Stryn kommune og Hornindal kommune blir justert slik at grenda Maurset i Kjøs krins blir flytta frå Hornindal til Stryn. Endringa vil skje frå 1. januar 2019.

– Stryn og Hornindal har begge argumentert godt for kvart sitt syn. Departementet har gjort ei heilheitleg vurdering og meiner at løysinga med ei grensejustering berre for Maurset vil gi ei betre grense enn i dag. Denne løysinga vil også fungere som kommune- og fylkesgrense, samtidig som den tar omsyn til ønsket til fleirtalet av innbyggarane i dei ulike delane av Kjøs krins, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Både Stryn og Hornindal er einige i at dagens kommunegrense ikkje er føremålstenleg, og at det difor bør gjennomførast ei justering som gjer at grenda Maurset blir flytta frå Hornindal til Stryn. Spørjeundersøkinga blant innbyggarane viser også at eit klart fleirtal av innbyggarane i Maurset ønsker dette.

Kommunane var ueinige om også resten av Kjøs krins burde overførast til Stryn. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane anbefalte ei justering for heile krinsen, i tråd med ønsket frå innbyggarinitiativet og Stryn kommune. Kommunal- og moderninserings-departementets vedtak inneber at resten av Kjøs krins forblir i Hornindal.

Det bor i dag 19 personer i området som vert overført til Stryn kommune. Det er ingen kommunale institusjonar i området.

Bjørke/Viddal

Det førebelse resultatet frå innbyggjarundersøkinga gjort av Opinion viser at 54 prosent av innbyggjarane i Bjørke/Viddal ønskjer å bli i Ørsta kommune, 42 prosent ønsker å bli flytta over til Nye Volda medan 3 prosent er usikre.

Totalt har 89 prosent av innbyggjarane i Bjørke/Viddal har gitt si meining i saka.

Når sluttresultatet i innbyggjarundersøkinga er klart i neste veke, vil dei involverte kommunane vil bli bedd om å gi uttale til Fylkesmannen i Møre og Romsdal innan veke 9.

Fylkesmannen vil så kome med ei innstilling til KMD før påske. Det er KMD som tek den endelege avgjerda rundt ei eventuell grensejustering, og dette vil bli tatt stilling til kort tid etter innstillinga frå Fylkesmannen er overlevert.