Kommunereforma blei vedteken i Stortinget

Kva betyr dette for Volda og Hornindal kommunar?

Etter fleire timar med diskusjon i går, var Stortingspolitikarane klare for å røyste over den omtala kommunereforma. Denne reforma vil innebere at talet på kommunar i Noreg blir redusert frå 428 i dag til 354 i januar 2020.

Grunnen til diskusjonen tok tid, var hovudsakleg på grunn av at mange representantar i Stortinget ikkje var einig i at reforma la opp til samanslåing med tvang i ti av samanslåingsprosessane.

Og med knappast mogleg margin, vart kommunereforma vedteken med éi røyst overvekt. Alle representantane på Stortinget var med på avrøystinga.

Kommunalminister Jan Tore Sanner sa følgjande til NRK etter møtet i går, torsdag:

– For min del er nok dette både den viktigaste og mest spennande voteringa eg har opplevd i Stortinget. Eg synest det var ein flott debatt, som varte i ni timar med mykje spenning og friske fråspark.

Ettersom Volda og Hornindal ønskjer samanslåing frivillig, var dette mest eit vedtak for å få samanslåinga offisielt godkjent frå staten.

Så kva betyr dette for samanslåinga mellom dei to kommunane?

Vedtaket om kommunereforma betyr no at den mellombelse fellesnemnda automatisk blir omgjort til den endelege fellesnemnda, med heimel i kommunestyrevedtak frå 01.06.2017.

Det betyr at dei som sit i denne nemnda no vil fungere som eit felles kommunestyre for dei sakene som gjeld den nye kommunen.

Fellesnemnda vil derfor no offisielt ha både handlings- og økonomiansvar for den nye kommunen.

Kva skjer framover?

I løpet av hausten 2017 vil samanslåinga av Hornindal og Volda bli godkjend i Kongeleg resolusjon. Etter dette vil nytt namn, kommunenummer og så vidare bli gitt til den nye kommunen.

Fram til samanslåinga 1. januar 2020 vil dei ulike nemndene, utvala og gruppene forme både den politiske og administrative organiseringa i den nye kommunen. Inntil da vil Volda kommune framleis heite Volda kommune, og Hornindal kommune framleis heite Hornindal kommune.

Frå og med år 2020 vil den nye kommunen vere operativ, då med namnet: Volda kommune.

I mellomtida vil den nye kommunen bli referert til som Nye Volda kommune.

%d bloggers like this: