Korleis skal kommunevåpenet sjå ut?

Send inn ditt forslag til nytt kommunevåpen!

I samband med samanslåinga av Hornindal og Volda til ein kommune, skal det lagast nytt kommunevåpen. Det blir valt gjennom ein open konkurranse der alle kan delta.

Forslag til kommunevåpen for den nye kommunen skal sendast eller leverast i konvolutt på A4-ark til;

  • Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda

eller

  • Hornindal kommune, Postboks 24, 6761 Hornindal

Konvolutten med forslaget skal merkast Kommunevåpen.

I tillegg til våpenforslag skal det i konvolutten vere ein lukka konvolutt med namnet på forslagsstillaren. Merk at namnet på forslagsstillaren skal stå berre i den lukka konvolutten. Denne blir opna etter at Komiteen for kommunenamn og heraldikk, som er jury i konkurransen, har kåra ein vinnar.

Det vert pengepremie.

Forslag til nytt kommunevåpen må vere innkome til dei nemnde adressene seinast 1. september 2017.

Kommunevåpenet til den nye kommunen skal vere klart innan 15. oktober 2017.