Kulturbygging: Inviterer til gratis seminar

Kulturbyggingskomiteen for nye Volda inviterer til kulturbyggingsseminar på Øyra skule 14. mars.

Dette arrangementet vert organisert for å skape gode diskusjonar og drøftingar om å byggje ein ny, felles kultur.

Seminaret er gratis og vert arrangert på Øyra skule i Volda torsdag 14. mars og startar klokka 18.00.

Seminaret vert innleia av leiaren av Kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, Marit Neraas Krogsæter, som vil ta turen til Volda denne dagen.

I løpet av seminaret vil ein ha ein «verkstad», der ein mellom anna drøftar seg gjennom ulike diskusjonstema og påstandar som er organisert ved fleire stasjonar.

Om dette kan vere interessant kan du melde deg på ved å kontakte leiar i komiteen, Odd Harald Sundal, per e-post (odd.harald.sundal@volda.kommune.no) eller per SMS til telefonnummer 96 01 26 01.

Arrangement vert også publisert på nye Voldas Facebook-profil og på nye Volda si heimeside.

Kulturbyggingskomiteen ønskjer alle velkomne, og minner igjen om at dette er eit heilt gratis arrangement.

* Lokalpressa vert også i samband med dette seminaret inviterte til ei pressesamling, der alle i kulturbyggingskomiteen deltek og vil svare på eventuelle spørsmål.