Kulturbygging: Ønskjer eit større ungdomsarrangement i haust

Dette vart diskutert på sist møte i temakomiteen for kulturbygging.

I samband med bygginga av ein felles identitet i den nye kommunen, har temakomiteen for kulturbygging sett på aktuelle aktivitetar for å binde honndølar og voldingar tettare saman.

Under sist møte den 6. mars såg komiteen at det har vore nokså låg tilbakemelding frå ulike lag og organisasjonar i dei to kommunane, og at komiteen derfor må tenkje litt nytt for å skape attraktive arragement.

Mellom anna kan konkrete prosjekt truleg vere meir appellerande for dei mange organisasjonane og laga.

I tillegg vart det diskutert ein modell for felles arrangement der lag og organisasjonar som er interesserte i å lage arrangement på tvers av dei eksisterande kommunegrensene kan få økonomisk støtte frå komiteen.

Den siste saka som vart diskutert på møtet var eit ønskje om å arrangere eit større arrangement for ungdomane i løpet av hausten i 2018.

Komiteen tek sikte på å lage eit utkast til program vidare, som vil verte presentert for Fellesnemnda til møtet 21. juni.

Heile referatet frå kulturbyggingskomiteen kan du lese her: Mørereferat