Kulturbygging: referat 24.04.2019

Venebenkar og ungdomsarrangement stod på agendaen då kulturbyggingskomiteen møttest onsdag.

Rett etter påskeferien møttest temakomiteen for kulturbygging for å planleggje aktivitetar vidare utover våren og sommaren.

Allereie 10-11. mai planleggjer komiteen å markere etablering av venebenkane som har vore under produksjon. Desse vert markerte fredag 10. mai i Hornindal og laurdag 11. mai i Volda.

I tillegg er komiteen i mål med å spikre eit ungdomsarrangement på Rokken 7. juni, der artisten Philip Emilio vil kome. Dette vert gratis inngang på.

Vidare i møtet hadde komiteen ei evaluering på kulturbyggingsseminaret som vart arrangert tidlegare i vår.

Konlusjonen var at dette var eit interessant og lærerikt opplegg, og at dette er tiltak som komiteen ønskjer meir av mot konkrete tema eller interessegrupper.

Heile referatet med meir utfyllande detaljar frå møtet kan du lese her!