Kulturbygging: referat frå møte 2. oktober 2019

Dette diskuterte komiteen for kulturbygging på sist møte.

På agendaen var det to saker; gjennomgang av referatet frå sist møte og planlegging av markering av kommunesamanslåinga.

Midlar til tiltak

Under gjennomgangen av referatet vart det minna om at ein kan framleis søkje om midlar til kulturbyggande tiltak.

Komiteen vil gå ut i media med ei oppmoding om å kome med søknadar til slike arrangement.

Markering av ny kommune

Etter bestilling frå Fellesnemnda, vart komiteen beden om å planleggje ei markering av kommunesamanslåinga.

Dette burde verte arrangert ganske snarleg etter årsskiftet.

Komiteen har kome med eit førebels forslag til rammene for arrangementet.

Her finn du fullstendig møtereferat frå møtet 2. oktober.