Kunngjering: eigengodkjend endring av reguleringsplan

Hornindal kommunestyre eigengodkjende reguleringsendring for Hornindal skisenter og Harevadet hyttegrend.

Dette vart gjort i møte den 05.12.2019, jamfør sak KS-035/19.

Endringa omfattar først og fremst ny plass for søppelcontainerane i hyttefeltet, og omregulering av tidlegare renovasjonsområde og parkeringsareal – til tomtegrunn og friluftsføremål.

Planområdet er i hovudsak avgrensa som i tidlegare plan, men utvida litt vestover – for lokalisering av det nye renovasjonsområdet.

Føremålet med planendringa er primært å leggje til rette for betre lokalisering av renovasjonsområdet for hyttefeltet, og såleis få etablert betre logistikk for brukarane, renovatøren og vedlikehald av området, inkl. snøbrøyting.

Tidlegare renovasjonsområde og parkeringsplass er føreslått omregulert til 4 nye hyttetomter og friluftsområde, samt at tilkomsten til område F4 er lagt om og utbetra.

Ut over dette er det gjort mindre endringar,i hovudsak på trafikkareal/ tomteavgrensing. Reguleringsføresegnene er tilpassa nemnde endringar.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast til fylkesmannen Møre og Romsdal. Eventuell klage skal vere skriftleg, og sendast kommunen innan 3 veker etter denne kungjeringa.

I medhald av plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3 må eventuelle krav om erstatning eller innløysing vere sett fram skriftleg innan 3 – tre – år fra denne kunngjøringa.

Evt. klage eller krav om erstatning/ innløysing skal sendast Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda, eller til postmottak@volda.kommune.no

Denne orienteringa er også lagt ut på Hornindal kommune si heimeside og Volda kommune si heimeside.

Vedlegg