«Kva skal barnet heite?»

Den mellombelse fellesnemnda for Hornindal og Volda kommune hadde møte i torsdag 9. mars, og har blant anna oppnemnt temakomite for nytt kommunenamn og heraldikk.

Innan 1. juni i år skal temakomiteen for kommunenamn kome med sitt forslag.

Komiteen for nytt kommunenamn og heraldikk (dvs kommnevåpen og ordførarkjede) er sett saman slik:

Frå Hornindal: Rolf Taraldset og Siv Madeleine Kristensen.

Frå Volda: Kari Hasle og Odd A. Folkestad. Jon Tvinnereim er valt som leiar.

Komiteen fekk i oppdrag å kome med framlegg til nytt kommunenamn innan 1. juni 2017, og forslag til ny heraldisk profil innan 15. oktober. Komiteen blei også bedt om å sikre brei involvering frå dei respektive kommunane i arbeidet.

I møtet blei også møteplan og prosjektplan for ny kommune Hornindal – Volda vedteken, og det blei også oppnemnd eit organisasjonsutval.

Organisasjonsutvalet skal ta føre seg den politisk organiseringa, regelement for dei politiske utvala og deleringsreglement. Organisasjonsutvalet fekk i oppgåve å legge fram forslag for fellesnemnda til ny politisk organisering innan 1. juni 2018.

Organisasjonsutvalet er sett saman av følgjande medlemer: Jørgen Amdam (leiar), Rebecca Riise Bjerknes og Arild Iversen frå Volda, og med Eldar Engelund, Per Maurset og Stig Olav Lødemel frå Hornindal.