Kven styrer kommunene fram til nyttår?

Avhengig av resultatet i kommunevalet, kan det potensielt vere tre ordførarar fram til årsskiftet.

Kommunestyre i Hornindal, kommunestyre i «gamle» Volda, Fellesnemnd i «nye» Volda og kommunestyre i «nye» Volda. Kommunesamanslåinga er like rundt om hjørnet, men kven er det eigentleg som styrer i Hornindal og Volda fram til nyttår?

Når to kommunar skal verte til ein ny kommune kan det vere litt uoversiktleg med fleire politiske organ som skal virke samtidig, men alle organa har ulike ansvarsområde og roller.

Her er derfor eit forsøk på å forklare kven som styrer i dei to kommunane fram til nye Volda kommune vert etablert etter nyttår.

Fellesnemnd og nytt kommunestyre

Sidan 2016 har Fellesnemnda fungert som eit førebels kommunestyre, med fem politikarar frå kvar kommune. Denne nemnda er i funksjon fram til kommunestyret for nye Volda vert konstituert 24. oktober.

Då vert nemnda oppløyst og det nye kommunestyret overtek det politiske ansvaret med å handsame spørsmål som handlar om å få den nye kommunen i drift per 1. januar 2020.

Det nye kommunestyret skal i tillegg handsame budsjett og økonomiplan for perioden 2020 til 2023.

Dei gamle kommunestyra

Dei gamle kommunane Hornindal og Volda held fram si drift fram til nyttår, og da vert desse kommunane avløyst av kommunestyret for nye Volda (som vart vald ved kommunevalet).

Kommunestyra for Hornindal og Volda skal handsame alle saker som omhandlar drift og utvikling av si respektive kommune fram til nyttår.

Til skilnad frå «vanlege» år held kommunestyra i dei gamle kommunane fram etter konstitueringsmøtet av det nye kommunestyret 24. oktober . dette på grunn av at den nye kommunen først vert etablert ved årsskiftet.

I praksis inneber dette at dagens kommunestyre i Hornindal og dagens kommunestyre i Volda handsamar saker som til dømes reguleringsplan innanfor sin kommune fram til nyttår.

Kort oppsummert:

  • Fellesnemnda: sit fram til 24. oktober, og vert avløyst av det nye kommunestyret etter valet 9. september.
  • Nye Volda kommunestyre: Vert konstituert 24. oktober, og tek over planlegginga av drifta av den nye kommunen fram mot 01.01.2020.
  • Hornindal kommunestyre: Sit fram til 31.12.2019, og handsamar saker som omhandlar drift og utvikling i dagens kommune fram til nyttår. Dette gjeld til dømes reguleringsplan innanfor kommunegrensa.
  • Volda kommunestyre: Sit fram til 31.12.2019, og handsamar saker som omhandlar drift og utvikling i dagens kommune fram til nyttår. Dette gjeld til dømes reguleringsplan innanfor kommunegrensa.