Landbrukssjefen: – Arbeidet går bra

Landbrukskontoret er éi av dei interkommunale tenestene som vert påverka av samanslåinga.

I 2014 vart Ørsta kommune vertskommune for Ørsta/Volda landbrukskontor. Dette samarbeidet skal fram mot 2020 fornyast, ettersom avtalen mellom kommunane no skal gjelde mellom Ørsta og «nye» Volda.

– Arbeidet har etter mi meining gått bra. Det har eigentleg ikkje vore problematisk å få etablert eit felles landbrukskontor. Eg opplever at det er ganske stor semje mellom partane, seier landbrukssjef Liv Bente Viddal.

Ho seier at alternativet til å halde landbrukskontoret samla var å splitte det opp att, slik at Volda og Ørsta fekk sine eigne kontor, men det som har vore viktig for Viddal er at vi landbrukskontoret har eit stort landbrukskontor med fagleg tyngde og fleire å spele på.

Det er allereie bestemt at det vil halde fram med felles landbrukskontor for «nye» Volda og Ørsta, der Ørsta er vertskommune. Hovudkontoret vil derfor bli verande i Ørsta også etter årsskiftet.

– Men det er nemnd at det skal verte tilbod om kontordagar i Hornindal. Det skal vi også få til, det er ingen problem. I alle fall skal det verte mogeleg å avtale tid med oss, slik at me kan kome inn til Grodås, lovar Viddal.

Frå fem til seks tilsette

Den største delen av arbeidet til landbrukskontoret er tilskotsordningar, som til dømes produksjonstilskot.

– I Ørsta var det 173 som søkte som produksjonstilskot i fjor, medan i Volda var det 102. Så det er absolutt det som er mest arbeid med. I tillegg vil jo også verte meir når ein tel med dei som er i dagens Hornindal, seier Viddal.

I dag er det totalt 4,2 årsverk fordelt på fem tilsette ved kontoret, og Viddal har ei forventing om at dette vert oppjustert til seks tilsette når den nye avtalen vert gjeldande frå nyttår.

– Dette vil skje anten i form av at den personen som er tilsett i Hornindal i dag vert overført til oss, eller at vi får tilsett ein ny person. Dette er ikkje heilt avklart enno, og det er ein prosess Hornindal skal få avklart så snart dei har kapasitet, forklarar landbrukssjefen.

– Det vert heftig!

Det er no om lag 190 dagar igjen til vi kjem inn i år 2020, og det inkluderer også ein periode med mykje ferieavvikling både til sommaren og til jul.

Viddal ser derfor spent fram mot den komande hausten.

– Det vert heftig! Det som må på plass, er forslag til ny vertskapsavtale. Dette treng ikkje nødvendigvis å vere så veldig mykje arbeid, for vi tek utgangspunkt i den som vi har per i dag. Det som er fordelinga i dag er at kostnadane er delt 60/40. Det er nok noko vi må endre litt på, seier Viddal, og legg til at dette skal så ut på høyring både hos faglag og andre interessentar i både Ørsta og «nye» Volda.

Så skal det gjerast vedtak i kommunestyra i begge kommunar. I tillegg er det også fleire prosessar som vil gå føre seg utover hausten, ifølgje Viddal.

– Vi har også dette med veterinærvakt og driftstilskot. I Ørsta og Volda har vi hatt ein avtale med tre veterinærar, og den avtalen er sagt opp og må reforhandlast. Og så er det to forskrifter som må fornyast for «nye» Volda. Den eine er gjødselforskrift, der det til dømes er nemnd tidsfristar for å spreie gjødsel på hausten, og så er det minsteareal for hjort. Dette kan verte tatt att etter nyttår, men også desse må ut på høyring.

Spanande arbeid

Sjølv om det er mykje å halde styr på, i tillegg til dei faste oppgåvene knytt til dagleg drift, synest landbrukssjefen det er spanande å få vere med på kommunesamanslåinga.

– Det er veldig spanande å jobbe med dette. Det er veldig kjekt at vi får eit større område og at det skjer mykje. Vi ser fram til at Hornindal også skal verte ein del av samarbeidet. Børild Skåra har gjennom ulike tenester vorte litt kjend der inne allereie.

– Vi må gjere oss kjende med geografien også og vite kvar ting ligg. Me vart vertskommune for Volda i 2014 og det gjekk greitt den gongen også. I starten manglar ein kanskje litt lokalkunnskap dersom ein ikkje får med seg dei som har jobba der tidlegare. Men eg trur no at det skal gå bra likevel, smiler Viddal.