Leiarsamling i ny oppvekstsektor

Alle leiarane og kommunalsjef sin stab var samla i Loen 18.-19. oktober.

Fram til våren 2019 skal alle sektorane, inkludert rådmannens stab, økonomi og personal, gjennom ein sektorprosess for å omorganisere sine sektorar/avdelingar for nye Volda.

Torsdag og fredag førre veke var leiarar og kommunalsjefens stab for den nye oppvekstsektoren samla i Loen for å starte arbeidet med omorgansiering av sektoren.

Les meir: Sektorprosess for oppvekst

På samlinga vart noverande organsiering vurdert, der det vart mellom anna sett på styrkar, svakheiter, mogelegheiter og trugsmål.

Under del to av samlinga såg deltakarane på alternativ organisering av den nye oppvekstsektoren.

Hovudtillitsvalde med medlemer i den nye sektoren var inviterte til samlinga saman med hovudverneomboda i dei to kommunane.

Bilete frå samlinga: