Mellombels fellesnemnd for Hornindal og Volda kommuner

Den mellombelse fellesnemnda for Hornindal og Volda kommuner skal ha sitt første møte onsdag 16. november kl. 18. Møtet finn stad på kommunehuset Smia på Grodås.

På sakslista står:

  • Konstituering. Val av leiar og nestleiar
  • Val av arbeidsutval
  • Møteplan
  • Drøfting av forprosjekt fram til stortingsvedtak i juli 2017
  • Den mellombelse fellesnemnda har følgjande medlemmer:

Frå Volda:

  • Jørgen Amdam, ordførar (Ap)
  • Fride Schjølberg Srotehaug, varaordførar (V)
  • Odd Harald Sundal (Sp)
  • Margrete Bjerkvik (KrF)
  • Odd Arne Folkestad (FrP)

Frå Hornindal:

  • Stig Olav Lødemel, ordførar (H)
  • Randi Langlo, varaordførar (Ap)
  • Eldar Engeslund (Sp)
  • Rasmus Kirkhorn (Sp)
  • Brynhild Lund Nodøy (V)
%d bloggers like this: