Minner om folkemøte på Bjørke

Torsdag 18. oktober vert det folkemøte på Ungdomshuset Haukly.

Kjære innbyggjar i Bjørke og Viddal

I samband med kommunereforma, vil vi sjå ei stor endring i kommune-Noreg frå 2020. Som ein konsekvens av denne reforma har det også blitt ein del grensejusteringar.

Ei av desse grensejusteringane, er Bjørke og Viddal som vil verte flytta over til den nye kommunen mellom Volda og Hornindal, ei kommune som vil få namnet «Volda».

I ein slik prosess kan det vere stort behov for informasjon om kva som skjer framover.

Det er difor prosjektorganisasjonen for «nye» Volda kommune inviterer innbyggjarar i denne krinsen til eit folkemøte på Haukly torsdag 18. oktober.

Møtet vil finne stad på Ungdomshuset Haukly, og folkemøtet startar klokka 18:00. Det vert sett av ein times tid til folkemøtet.

På folkemøtet vil prosjektleiar for samanslåinga, Rune Sjurgard, og politikarane med Stig Olav Lødemel som leiar i Fellesnemnda vil vere til stades for å orientere om vegen vidare fram mot år 2020. Det vil også bli høve til å stille spørsmål som er relaterte til grensejusteringa.

Vi ser fram til å møte deg på Haukly!

Møte i Fellesnemnda

Rett før folkemøtet skal også den politiske Fellesnemnda for nye Volda kommune ha sitt månadlege møte.

Dette vert også på ungdomshuset Haukly. Møtet vil finne stad mellom klokka 16:00 – 17:00 i veslesalen.

Møta i Fellesnemnda er alltid opne for publikum, så dersom du ønskjer å høyre på diskusjonane i nemnda er du naturlegvis hjarteleg velkomen.

Sakliste til dette møtet vert sendt ut seinast fredag 12. oktober.

%d bloggers like this: