Møte i fellesnemnda 20. juni

Torsdag 20. juni heldt fellesnemnda siste møte før ferien ved rådhuset i Volda.

Dette var det første møtet etter Stortingvedtaket om kommunereforma, og fellesnemnda konstituerte seg sjølve offisielt.

Denne nemnda vil no vere økonomisk ansvarleg for prosessen vidare i samanslåingsprosessen av Hornindal og Volda kommunar.

På saklista for møtet var det i hovudsak formalitetar, som offisiell konstituering av den endelege fellesnemnda, møteplan hausten 2017 og tilsetjing av prosjektleiar.

I tillegg vart det vald leiar av PSU (partsamanett utval).

Referat frå møtet kan ein finne her (Volda kommune) og her (Hornindal kommune).

SAKLISTE

PS 1/17 Godkjenning av innkalling og sakliste
PS 2/17 Godkjenning av møteprotokoll frå forrige møte
PS 3/17 Konstituering av Fellesnemnd – Nye Volda kommune
PS 4/17 Møteplan Fellesnemnda 2. halvår 2017
PS 5/17 Tilsetjing prosjektleiar
PS 6/17 Mandat partssamansett utval og val leiar og nestleiar.
PS 7/17 Plan/tiltak for ekstern kulturbygging nye Volda kommune.