Møte i Partssamansett utval 16. januar 2018

Tysdag 16. januar var det nytt møte i Partsamansett utval. Einaste sak på agendaen var Omstillingsavtale ved kommunesamanslåing.

Eit avtaleutkast vart sendt ut på høyring før jul, med frist for innspel fredag 11. januar.

PSU gjekk gjennom alle høyringssvara, og vurderte om dei skulle takast inn i avtalen.

Avtalen vil bli lagt ut her på NyeVolda.no når medlemmane i PSU har fått lest gjennom den reviderte versjonen.

Fellesnemnda får avtalen til handsaming på møte 1. februar, og vil ligge ved innkallinga der også.

%d bloggers like this: