Møte med fylkesmennene om kommunesamanslåing

Torsdag 25. august skal forhandlingsnemndene, rådmenn, sakshandsamarar og tillitsvalde i Hornindal kommune og Volda kommune ha felles møte med fylkesmennene i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Tema for møtet er gjennomgang av regelverket og den vidare prosessen fram mot samanslåing av Volda kommune og Hornindal kommune; fellesnemnd, prosjektorganisering, finansiering m.m.

Møtet finn stad på Austefjord skule.

%d bloggers like this: