Møte med hovudtillitsvalde og hovudverneombod

Fredag 10. november heldt prosjektleiar Rune Sjurgard eit orienteringsmøte med dei hovudtillitsvalde og hovudverneomboda i Hornindal og Volda. 

Temaet for møtet var å gå gjennom statusen på samanslåinga.

I sin presentasjon gjekk Sjurgard gjennom hovudtrekka i intensjonsavtalen mellom dei to kommunane, organiseringa av prosjektet, den nye kommunens tre satsingsområde, aktivitetar som er avslutta og som er planlagte, og strategiar for korleis det vert jobba med kommunesamanslåinga.

Avslutningsvis gjekk prosjektleiaren gjennom framlegget til økonomiplan for perioden fram til 31.12.2019.

Dei hovudtillitsvalde fekk der høve til å stille spørsmål og kome med sine synspunkt på samanslåingsarbeidet, både vidare prosess og kva som har blitt gjort til no.

Prosjektleiaren gjorde også ei kort orientering om at arbeidet med å danne ei ny administrativ organisering på hovudstrukturnivå vil starte opp 23. november. Der vil leiarar og tillitsvalde vere med på prosessen.