Møte om omstillingsavtale for Hornindal og Volda

Representantar frå Hornindal og Volda kommune, samt hovudtillitsvalde frå begge kommunar, diskutere omstillingsavtale.

Gruppa møttest torsdag 19. oktober for å diskutere moment i denne omstillingsavtalen, og forslag til avtale skal først handsamast i Partssamansett utval før den skal vedtakast i Fellesnemnda.

I løpet av møtet diskuterte gruppa eit behov for å opprette eit fora der ein til dømes kan diskutere ledige stillingar, utlysingar og andre personalsaker.

Det vart også diskutert kva haldning ein skal ha til permisjonar fram mot etablering av ny kommune.

Når det gjeld sjølve overføringa av dei tilsette til den nye kommunen, ser gruppa føre seg at dette må skje i fleire prosessar. Eit viktig moment som gruppa dreg fram, er at alle som blir direkte berørt, får tilbod om ein samtale av sin næraste leiar.

Sidan det på noverande tidspunkt er vanskeleg å seie konkret kva funksjonar som skal vere på rådhuset i Volda og i Hornindal, ønskjer gruppa å vente med å gjere særavtalar for tilsette som skulle få endra oppmøtestad. Gruppa meiner det er rett å vente med å definere ein slik særavtale til ein veit den administrative organiseringa og ha eit betre bilete av situasjonen.

Gruppa ønskjer også å slutte seg til informasjonsstrategien til nye Volda kommune, men ser føre seg å ha sin eigen handlingsplan for informasjonstiltak.

Fullt møtereferat kan du lese her: Referat 19.10.17 Omstillingsavtale