Møteprotokoll frå fellesnemnda 14.09.2017

I førre veke starta Fellesnemnda opp att møteverksemda etter sommarferien. Blant dei mest diskuterte sakene, var dei strategiske satsingane i prosjektet og organisering av næringsapparatet i Nye Volda kommune.


I saka om strategiske satsingar gjekk Fellesnemnda samrøysta inn for å sjå på følgjande tre område:

Sysselsetting

  • Verkemiddel for å stimulere til auka sysselsetting (til dømes infrastruktur).
  • Organisering av næringsapparatet i kommunen.

IKT og digitalisering

  • Forenkle og utvikle tenester og effektivisere drifta.
  • Samtidig bør Nye Volda kartleggje potensiale og prioritere ev tiltak der ein utnyttar sjansen til å skape noko nytt med kommunesamanslåing.
  • Det er viktig å presisere at ein må leggje ambisjonane på eit nivå som ein faktisk er i stand til å oppfylle og ikkje skape for store forventingar.
  • Fiber mellom Grodås og Volda

Kompetanseutvikling

  • Dersom ein skal innfri både nasjonale forventingar, krav og lokale mål om gode tenester, effektiv ressursbruk ved auka digitalisering mv må ein gjere organisasjonen i stand til faktisk å levere.
  • Kompetanse og mestring hos den enkelte tilsette er heilt avgjerande og den absolutt viktigaste suksessfaktoren for å lykkast.
  • Vidare bør ein ha eit særskilt opplegg for leiarane knytta opp mot leiarferdigheiter og effektuttak ved visjonær, tydeleg og støttande leiing som gir folk mestring.

Prosjektleiar Rune Sjurgard ønsker innspel og involvering, både internt og eksternt, på desse satsingsområda. Har du synspunkt du vil dele? Gjerne ta kontakt!


I saka om næringsapparatet vart det lagt opp til gode diskusjonar og drøfting rundt korleis dette skal vere organisert i den nye kommunen. Fellesnemnda ønskjer derfor innspel frå alle kantar, som dei kan ta med i vurderinga.

Det vart ikkje gjort noko endeleg vedtak i denne omgang, ettersom prosjektleiar Rune Sjurgard ønskjer å bruke nokre runder på dette før ei avgjersle blir teke. I mellomtida håper Sjurgard at folk kjem med innspel.

Elles vart det vedteke å styrke prosjektorganisasjonen med to stillingar; ein knytt til IKT og ein knytt til arkiv/sekretærfunksjon.

Møteprotokoll finn du vedlagt her, og på sida med alle prosjektdokument i samanslåinga.