Møtereferat frå temakomite for kulturbygging

Temakomiteen for kulturbygging har hatt to møter på nyåret. Dette har dei jobba med.

Før jul vart det sett ned ein temakomité for kulturbygging som skal jobbe med tiltak for å bygge felles identitet og samhald for Hornindal og Volda som ny kommune. For å få til dette må ein få til engasjement og finne arenaer og møteplassar der folk kjem saman og skaper sosiale relasjonar.

For å koordinere dette arbeidet, vart Odd Harald Sundal vald som leiar for temakomiteen.

Etter nyttår har temakomiteen allereie hatt to møter, der dei mellom anna har tenkt gjennom korleis dei ønskjer å jobbe i denne komiteen samt starta kartleggingsarbeidet over arrangement, lag og organisasjonar i dei to kommunane.

Referat frå dei to møta som komiteen har hatt kan du lese her:

Neste møte i temakomiteen vil vere 1. mars.