Møtereferat: Styringsgruppa 02.11.2017

Før helga hadde den administrative styringsgruppa siste møte før Fellesnemnda skal ha sitt novembermøte 16. november.

På dagsordenen stod mellom anna å setje opp saker til Fellesnemnd-møtet, drøfting av eit budsjett for prosjeketet «Nye Volda» fram til 2020, prosessen i Heraldikknemnda, diskusjon rundt dei to grensejusteringane (Kjøs og Bjørke) og elles ei oppdatering på samanslåinga.

Under møtet la prosjektleiar Rune Sjurgard vekt på at prosjektorganisasjonen no er i ferd med å tre inn i fase to av samanslåinga; planlegging. Første steg på vegen der vil vere å starte med å danne den nye administrative organiseringa på hovudstruktur (leiarane).

Til denne prosessen vil det bli heldt fire samlingar med leiarane i Hornindal og Volda, og den første vil vere 23. november. Ambisjonen er å vedta ny organisering 20. mars 2018.

Les meir utfyllande referat frå møtet her!