No kan du søkje kulturbyggingsmidlar

Nye Volda set av 70.000 kroner til tiltak som vil byggje gode fellesskap mellom Hornindal og Volda.

Fellesnemnda for nye Volda kommune legg vekt på at innbyggjarane i den nye kommunen skal byggje gode fellesskap og etter kvart ein ny sams identitet.

Til å støtte dette arbeidet, har temakomiteen for kulturbygging sett av ein pengesum på kr 70 000,- som skal gå til kulturtiltak.

Kven kan søkje om midlar?

  • Lag og organisasjonar eller samanslutningar, i frivillig, privat eller offentleg regi som i samarbeid med ein eller fleire aktørar på andre sida av kommunegrensa bidreg til felles aktivitetar og sosiale møteplassar mellom innbyggjarane

Kva vert vektlagt i tildeling?

  • At mange personar er involvert
  • At tiltaka inkluderer fleire aldersgrupper
  • At tiltaket omfattar fleire bygder/geografiske område
  • At tiltaket omfattar fleire interessefelt/tema

Tiltaket skal vere gjennomført innan utgangen av 2019.

Kva må søknaden innehalde?

  • Kven/kva orgasnisasjon som søkjer
  • Kontaktopplysningar (namn, adr, epost, tlf)
  • Kontonummer
  • Skildring av tiltak med kostnadsoverslag
  • søknadssum

Ved tilslag om løyving vert det gitt ein frist for å sende inn ein kortfatta rapport om gjennomføring av tiltaket. Midlar som ikkje vert nytta i samsvar med søknad kan verte krevde attende.

Søknad vert å sende innan 30. september 2018 til: