No kjem Fellesnemnda ut til grendene

Møta i Fellesnemnda vert flytta ut til skulekrinsane.

Under sist møte i Fellesnemnda vart det diskutert at nemnda burde flytta møta ut i skulekrinsane for å møte grendelaga.

Administrativ styringsgruppe har no i samspel med leiar og nestleiar i Fellesnemnda lagt ein ny møtekalender ut inneverande kalenderår.

Møteplanen vert som eit utgangspunkt lagt opp til følgjande oppsett:

  • Bjørke – 18.oktober
  • Grodås – 1. november
  • Folkestad – 6. desember
  • Dalsfjord – 10. januar (førebels)

Tanken er å ha møte i Fellesnemnda frå 16:00 – 17:00, for å så arrangere eit møte med grendelaga/innbyggjarane frå klokka 18:00 – 19:00.

Dei andre skulekrinsane vil få Fellesnemnda på besøk i løpet av 2019.

%d bloggers like this: