Ny administrativ hovudstruktur vedteken

Prosjektleiaren har vedteke hovudstrukturen for Nye Volda kommune.

I tidsromet 1-15. mars var forslag til ny administrativ hovudstruktur i Nye Volda kommune ute til høyring. I denne perioden fekk tilsette i Hornindal og Volda kommune høve til å kome med innspel til prosjektleiarens forslag.

Etter å ha gått gjennom alle innspela, har prosjektleiar Rune Sjurgard no vedteke det overordna organisasjonskartet (inndelinga av sektorar og avdelingar).

Med dei endringane som er kommentert i saksutgreiinga, gjer Sjurgard med dette eit delegert vedtaket for modellen av adminsitrativ hovudstruktur for nye Volda.

– Det vert sett i gang prosessar for iverksetting, jamfør stillingsskildringar, rekruttering av leiarane, delegering, utvikling av leiarteamet og vidare prosess for organisering av rådmannststaben og sektorane, opplyser Sjurgard vidare.

Rådmannen skal drøfte med leiarteamet og organisasjonane for å finne naturleg tidspunkt for evaluering av hovudstrukturen. Elles vil det verte gjort mindre endringar undervegs dersom det oppstår behov for dette.