Nye avdelingsleiarar i helse og omsorg

Desse seks personane er innplasserte som avdelingsleiarar i sektoren.

Kommunalsjef Svein Berg-Rusten kan no stadfeste at seks tilsette er innplasserte i nye stillingar som avdelingsleiar i sektor for Helse og omsorg, der den eine også er innplassert som assisterande kommunalsjef.

Det vil seie at desse seks personane skal kombinere oppgåvene dei har i dagens kommune med å førebu sitt nye ansvarsområdet til å levere tenester i den nye organisasjonen frå 01.01.2020.

– Det er ein spanande haust å gå i møte, flust med spanande oppgåver. Så langt i prosessen har ein erfart mange positive medarbeidarar som er klare for nye oppdrag og finne gode og framtidsretta løysingar for sektoren og den nye kommunen. Eg er glad for at desse personane har takka ja til oppdraga som er gitt dei og vil jobbe tett på dei ulike avdelingsprosessane som skal gå utover hausten, seier Berg-Rusten.

Følgjande avdelingar/posisjonar har no blitt innplasserte:

Ass. kommunalsjef/helse og forvaltning

Ingunn Gjengedal er tilsett som ass. Kommunalsjef og vil tre inn i kommunalsjefen si rolle etter nærmare avtale ved behov.

I tillegg er ho leiar for viktige sektorovergripande funksjonar som forvaltningskontoret, førebygging og rehabilitering, kjøkkendrift og teknisk dirft innanfor helse- og omsorgsområdet.

I nye Volda er likeverdige tenester eit mål, så all sakshandsaming knytt til tenestetildeling uavhengig av kvar i kommunen ein bur, skal gjerast av forvaltningskontoret.

Kommuneoverlege

Inger Lise Kaldhol vert kommuneoverlege i nye Volda, og får ansvar for all legeteneste i kommunen.

Ansvaret inkluderer også helsepersonellgruppa som er knytt til legetenestene på dei to legekontora.

Bu- og habilitering

Avdelingsleiar for bu- og habiliteringstenester vert Oddbjørg Langøy. Alle samlokaliserte bustader for utviklingshemma, samt Hamna dagsenter og avlastingsteneste og barnebustad er samla i denne avdelinga.

Der ligg oppfølgingsansvar på BPA- tenester (brukarstyrt personleg assistanse), der kommunen kjøper tenester med ekstern leverandør.

Rus- og psykisk helseteneste

Elin Høydal Vatne er leiar for rus- og psykisk helseteneste i Volda, det vil ho fortsette med i nye Volda.

Sidan Hornindal har handtert oppdrag innanfor dette fagfeltet i andre ordinære tenester, får dette tenesteområdet først og fremst eit geografisk større ansvarområde med tilhøyrande auke i folkemengd.

Under denne avdelinga ligg også Møteplassen Gnisten og STYRK-arbeid.

Heimebaserte tenester

Heimebaserte tenester skal leiast av Astrid Dimmen. Her ligg ambulerande heimetenester i heile kommunen, eit krevjande oppdrag, då kommunen er geografisk utfordrande med dalfører, ferjer og lange avstandar.

Dette fører ofte til lang forflyttingstid for tilsette.

Avdelinga har og ansvar for døgnbemanna omsorgsbustader for eldre samt dagsenter for eldre, både i Volda og på Grodås.

Institusjonsteneste (sjukeheim)

Som avdelingsleiar for institusjonsteneste (sjukeheim) er Ann Sølvi Heltne innplassert. Korleis plassane i Hornindal og Volda skal nyttast, er eit viktig oppdrag som må jobbast med framover.

Likeeins er oppdraget med å kunne ta imot ferdigbehandla pasientar frå sjukehuset sentralt for institusjonsdrifta.

Avdelingsleiar har og ansvar for vaskeritenesta på institusjonane.