Nye avdelingsleiarar i sektor for oppvekst

Det er tilsett to avdelingsleiarar i sektor for oppvekst.

Bodil Brautaset er tilsett som avdelingsleiar barnehage, medan Lene Nupen er tilsett som avdelingsleiar skule.

Bodil Brautaset er utdanna barnehagelærar med vidareutdanning i mellom anna bedriftsøkonomi, pedagogisk utviklingsarbeid, rettleiing og offentleg styring.

Brautaset har arbeidd som pedagogisk leiar og styrar i barnehage i 15 år, før ho vart fagkonsulent innan barnehageområdet i 2010. Eitt år var ho konstituert barnehagesjef.

Lene Nupen er utdanna allmennlærar med vidareutdanning i rettleiing og leiing av digital skuleutvikling. Nupen har også teke rektorutdanning.

Nupen har arbeidd som lærar i grunnskulen i 16 år, før ho tok til i administrativ stilling som fagkonsulent (skule). Sidan 2016 har Nupen vore assisterande oppvekstsjef i Volda kommune.

Begge er tilsett som avdelingsleiarar frå 01.01.2020, men vil tiltre funksjonane i prosjektstilling i perioden 01.08.2019 – 31.12.2019.

Vi ynskjer begge lykke til med dei spanande og utfordrande oppgåvene som vil kome.