«Nye» Volda har fått nytt kommunenummer

Det nye kommunenummeret til «Nye» Volda er bestemt.

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet bestemte for om lag to veker sidan dei nye kommunenummera til dei fylka og kommunene som skal slå seg saman frå 2020.

For Hornindal og Volda sin del vil det nye kommunenummeret bli 1577.

Dette kommunenummer vil først tre i kraft frå 01.01.2020, og dei eksisterande kommunenummera vil framleis vere gjeldande fram til då.

Dei eksisterande kommunenummar for Hornindal og Volda er i dag høvesvis 1444 (H) og 1519 (V).

Sidan den nye kommunen skal høyre til Møre og Romsdal, vil dei ta i bruk dette fylkets nummerering etter samanslåinga.

Funfact om talet 1577:

* Dette året vart Konkordieformelen gitt ut, som er den siste lutherske vedkjenninga. Dette ordet kjem frå det latinske uttrykket Formula concordiae, som betyr «felles-hjerte» eller einigheit.

Det passar vel ganske greitt når Hornindal og Volda i 2020 skal bli til éi felles kommune!