Nye Volda søkjer etter kommunalsjef for samfunnsutvikling

Er du ein leiar som brenn for samfunnsutvikling? Da kan vi tilby ei spennande stilling i eit utviklande miljø.

Hornindal og Volda kommunar skal slå seg saman og den nye organisasjonen skal vere operativ frå 1. januar 2020.

Dette vil krevje leiarar som er ei drivkraft i omstillingsprosessen, som kan vidareføre beste praksis og syte for utvikling.

Ei heilt nyoppretta stillinga som kommunalsjef er no tilgjengeleg i vår organisasjon, og denne personen skal leie Sektor for samfunnsutvikling.

Digitalisering, kompetanseutvikling og sysselsetting er nye Volda kommune sine satsingsområde, og den som får stillinga vil få ei viktig oppgåve med å realisere desse satsingane.

Kan dette vere noko for deg?

Sjå fullstendig stillingsannonse på Volda kommune si nettside for meir utfyllande detaljar.

Søknadsfrist: 27. august 2018

Det er planlagt intervju den 5. og 7. september. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn.