Nye Volda vil tilhøyre Møre bispedøme

Fellesnemnda ønskjer at bispedømegrensa vert endra i tråd med endring av fylkesgrensa.

Det var politikarane si samrøyste uttale til høyringa om justering av bispedømegrensa i samband med kommunereforma.

Fellesnemnda har tidlegare gjort prinsippvedtak om at «retningsvalet for interkommunalt samarbeid om tenesteproduksjon skal vere søre Sunnmøre og Sunnmøre.»

Administrasjonen i nye Volda ser derfor på det som naturleg å vidareføre praksis med at bispedømegrensene følgjer fylkesgrensene, og at bispedømegrensa vert endra i tråd med endring av fylkesgrensa.

Dette er også det administrasjonen til Bjørgvin bispedømeråd innstiller på; – at bispedømegrensa bør følgje den nye fylkesgrensa og at prostigrensa for Nordfjord prosti vert endra tilsvarande. Det betyr at Hornindal-delen av nye Volda etter 2020 vil høyre til i Møre bispedøme og Søre Sunnmøre prosti.

Vedtak

Fellesnemnda gjorde 10. januar 2019 slikt vedtak:

  1. Møre bispedømeråd si grense skal følgje ny regionsgrense slik at Hornindal sokn vert ein del av Møre Bispedøme.
  2. Søre Sunnmøre Prosti si grense skal følgje ny bispedømegrense slik at Hornindal sokn vert ein del av Søre Sunnmøre Prosti.
  3. Kyrkjeleg fellesnemnd føreset at presteressursane som Bjørgvin bispedøme i dag har i Hornindal sokn (stipulert til 50% stilling) vert overført til Møre bispedøme og Søre Sunnmøre Prosti.
    Dette for å sikre framleis gode kyrkjelege tenester for innbyggjarane i heile det nye fellesrådsområde.