Nye Voldas julekalender – luke 14

Kvar dag frå 1.-24. desember kan du delta i vår julekalender ved å svare på eitt spørsmål.

Alle som svarar riktig er med i trekninga av ein spanande julepose med noko godt i, og hugs at jo fleire riktige svar du har gjennom konkurransen, desto større vil vinnarsjansane dine bli!

Svaret på luke nr. 13: Anders Fannemel har 4 individuelle verdscupsigrar.

 

Dagens spørsmål lyder som følgjer:

Alle kommunar i Noreg har utpeika ein stad som blir kalla «tusenårsstaden» i kommunen. Denne staden skulle markere overgangen til 2000-talet. Kva for stadar blei utpeika som tusenårsstadane i høvesvis Volda og Hornindal?

 

Svarskjema finn du under, og svarfristen for luke nr. 14 er 14. desember klokka 23.59. Svaret på dagens spørsmål, og luke nr. 15, kjem i morgon 15. desember.

Lukke til!

 

Veit du svaret på dagens spørsmål? Send inn ditt svar!