Nytt medlem i kulturbyggingskomiteen

Temakomiteen for kulturbygging hadde onsdag sitt første møte i 2019.

Dette møtet vart heldt på Smia og var også det første møtet til Kristine Sofie Orheim, som møter i staden for Ola Bergset.

Bergset har det neste halvåret permisjon frå stillinga si som leiar for Frivilligsentralen i Hornindal og vil framover opphalde seg på eksotiske New Zealand.

Leiar i komiteen, Odd Harald Sundal, opplyser om at på onsdagens møte var det særleg to spanande saker på agendaen.

Den eine saka som vart handsama var ein spennande søknad om støtte frå volleyballmiljøet i nye Volda. Den andre var planlegging av kulturbyggingseminar i mars.

Møtereferat frå møtet: Møtereferat